Hopp til innhold

Rutinane etter oppdrag må verte betre, seier brannsjefen

Totalt var 30 mannskap frå Sogn brann og redning med i kampen mot flammane i storbrannen i Lærdal. – Vi er ikkje gode nok på å verne oss etter brann, seier brannsjefen som stod midt i røyken frå eldhavet.

Johnny Skjerping/brann i Lærdal (montasje)

KAN VERE FARLEG: Johnny Skjerping, som er sjef i Sogn brann og redning, seier det har vore for lite fokus på det som kjem gjennom uniformen og huda under sløkking av brannar.

Foto: Øystein Venås Sørensen/Noralv Pedersen, NRK

– Det er ikkje berre å puste inn farlege røyk og farlege stoff som aukar kreftrisikoen. Det har vore for lite fokus på det som kjem gjennom uniformen og huda, seier Johnny Skjerping.

Skjerping er sjef i Sogn brann og redning, som dekkjer kommunane Balestrand, Leikanger, Luster, Sogndal og Vik. 30 mannskap frå desse kommunane stod lenge midt i røyk og andre stoff, då dei kjempa mot flammane i storbrannen i Lærdal førre helg.

– All ny forsking viser at stoff kan trengje gjennom klede og inn gjennom huda. At det er farleg å puste inn røyken ligg i grunnopplæringa vår. Men det siste året har det vorte mykje større merksemd rundt at det går gjennom klede og hud, seier Skjerping.

Han viser til andre land.

– Sverige og Australia ligg langt framme og har innført eigne restriksjonar, nettopp for å verne mot at røyken går gjennom klede og hud og aukar kreftfaren.

Brannsjefen seier Sogn brann og redning ikkje er gode nok enno.

– I Lærdal var det mannskap som gjorde som dei skulle, og putta uniformen i sekker før dei køyrde heim, det såg eg sjølv. Men eg veit ikkje om alle gjorde det, seier han.

Har rutinar og utstyr

Difor meiner brannsjefen at mykje arbeid står att.

– Vi er ikkje kome langt nok, men dette er noko vi tek på alvor. Vi held på å lage rutinar på korleis vi skal handtere dette. Vi har allereie retningsliner, han.

– Kva rutinar har de no?

– Vi gir bestemt beskjed til brannmannskapa om å putte uniformen i boss-sekker før dei forlet brannstaden. Når dei kjem tilbake skal dei vaske uniformene. Vanleg vask på 60 grader held ikkje, vi skal vaske med eigne instruksjonar for kvart plagg, og impregnere etterpå, seier Skjerping.

Har kjøpt spesialvaskemaskinar

Også dei som har på seg uniformen må vaske seg.

– Mannskapet skal dusje. Vi skal ha reine og skitne soner på brannstasjonane, og jobbar hardt for dette.

Brannsjef Skjerping seier at dei no har kjøpt inn nytt utstyr.

– Vi har kjøpt fleire vaskemaskinar, og nokre spesialvaskemaskinar. Det skal vere maskinar på alle stasjonar og feiarbasar.

– Vi er ikkje i mål

Men framleis finst manglar. Både på rutinar, utstyr og praksis. Når det gjeld utstyr vil dei sjå til hovudstaden.

– Vi er ikkje i mål når det gjeld reine og ureine soner i brannbilar og på stasjonane. I Oslo har dei spesialsekker for å frakte forgifta uniformer. Det ynskjer vi også her. Dei kan du hive rett i vaskemaskinen, der dei løyser seg opp, seier Skjerping

Framover vil Skjerping og Sogn brann og redning jobbe hardt med rutinar for å bruke både vaskemaskinane og eventuelt nytt utstyr. Slik vil dei minske risikoen for kreft og andre skadar frå røyk og farlege stoff.

– Vi tek dette på alvor, fordi vi veit at det kan vere fare for seinskadar for mannskapet.