NRK Meny
Normal

Dårlege gjerde er ein katastrofe for vilt og beitedyr

Dårleg vedlikehaldne utmarksgjerde er eit stort problem for vilt og beitedyr. Slappe grunneigarar får skulda.

Død Kronhjort Lærdal

DAUD: Kronhjorten kom hit, men ikkje lenger.

Foto: Rein Arne Golf/SNO

Ein 15-taggars kronhjort vart for nokre dagar sidan funnen død, hengande etter bakbeina i eit gjerde, på Ljøsne i Lærdal. Han vart funnen av Rein Arne Golf. Han arbeider i Statens Naturvernoppsyn, og er regionalt rovviltansvarleg i Sogn og Fjordane og Hordaland.

Det er ikkje alltid så lett å rekne ut kor lang tid det har gått, men eg vil tru han har hengt der eit par veker, seier Rein Arne Golf.

Dårleg vedlikehaldne utmarksgjerde går på kostnad av dyr som ferdast forbi, både vilt og beitedyr. I dei beste tilfella får dei berre skadar, men mange dyr lir også same lagnaden som kronhjorten.

– Me ser mykje dårleg vedlikehaldne gjerde rundt omkring. Det er viktig at grunneigarane veit at dei har eit ansvar for å halde desse gjerda i stand, seier Golf.

Rein Arne Golf

FANN HJORTEN: Rein Arne Golf i naturvernoppsynet snubla over kronhjorten i Lærdal.

Foto: Dag Harald Kvammen Anderssen / NRK

Passive grunneigarar

Leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde, er einig med Golf i at dårlege gjerde er eit problem.

Dei fleste bønder som har dyr er flinke til å ta seg av gjerda sine, sidan dei har ei eigainteresse av det, seier Golf.

Når det gjeld dei falleferdige gjerda, rettar han merksemda mot grunneigarar som ikkje har den same eigeninteressa.

Anders Felde på veg inn i traktoren

KRITISK: Leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde, tykkjer dårlege gjerde er eit problem.

Foto: Rune Fossum / NRK

Det er fleire grunneigarar som ikkje driv gardane sine, men berre nyttar dei som bustad. Dei er nok ikkje like flinke til å halde utmarksgjerde i stand, seier Felde.

Felde meiner passive grunneigarar er ei utfordring for landbruket, og sidan det blir færre bønder i landet fryktar han også at problemet vil bli aukande. Felde skulle ønske at kommunane involverte seg meir.

– Ei mogleg løysing er at kommunane går inn og følgjer opp dei grunneigarane som ikkje gjer driftspliktene sine, seier Felde

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.