Hopp til innhold

Dårlegaste periode på 23 år

– Dei har ei utruleg krevjande og tøff oppgåve framfor seg, seier sogndalkjennar Jon Navarsete om oppgåva Sogndal Fotball står overfor i haust.

Tom Mangersnes (f.v.), Håvard Flo, Jonas Olsson og Terje Skjeldestad.

TRENARTEAM: Tom Mangersnes (f.v.), Håvard Flo, Jonas Olsson og Terje Skjeldestad går ein utfordrande haust i møte.

Foto: Øystein Fossum

Etter nok eit tap for Fredrikstad, har Sogndal Fotball berre teke åtte av 48 moglege poeng på dei siste 16 seriekampane.

Ein siger, fem uavgjort og ti tap er ifølgje Sogn Avis den verste perioden eliteserielaget har vore inne i sidan 1989.

– Sogndal har erfaring med å liggje der dei ligg, men det som uroar mest er den langvarige negative perioden. Vi scorar lite og slepp inn for lette mål, seier Jon Navarsete.

Har framleis trua

Etter EM-pausen er det berre tabelljumbo Stabæk som har måtte sjå seg slått av Jonas Olsson sine menn. Laget som etter sju serierundar var på seriesølv, har sakte men sikkert spelt seg ned i kampen for å unngå nedrykk.

Jonas Olsson

TUNGT: Oppgjeret i Fredrikstad var jamt, og trenar Jonas Olsson meiner Sogndal burde hatt med seg eitt poeng.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Tapet i plankebyen plasserte Sogndal med begge beina i denne kampen. Ein kamp trenar Olsson framleis trur dei skal vinne.

– Alle journalistar tippa oss ned før seriestart, og per no har de rett. Men det er ein stor motivasjonsfaktor å sjå til at vi hamnar over streken slik at alle ekspertar får feil, seier han.

– Kjempeutfordring

Frå sidelinja er Navarsete usikker på om Sogndal vil klare å snu den negative trenden.

– Det blir vanskeleg no og ei kjempeutfordring for spelarane og trenar Jonas Olsson. Å tape mot lag som ligg rett bak, og å bli forbipassert er det verste som kan skje når du hamnar under streken, seier han.

– Men for all del. Det er langt att med åtte kampar att av serien, legg Navarsete til.

Manglar struktur

Sogndalkjennaren har vanskar med å setje fingeren på kva som har gått gale. Men Sogndal før og etter ferien, er to ulike lag.

– Sidan EM-pausen har Sogndal vore eit lag utan den strukturen som vi såg i starten. Då var det eit lag der det meste fungerte, og strukturen var klar. Vi spelte direkte og god fotball. Etter sommarpausen har eigentleg mykje halta, seier han.

– Det er enkeltspelarar eg tykkjer ikkje fungerer. Henrik Furebotn er veldig variabel, Malick Mane og (Hannu, red. anm.) og Patronen har ikkje vore den sjefen som han var, seier Navarsete og legg til.

Tromsø til helga

– Og så er det dette fenomenet Elvis som nokon i Sogndal kanskje snart må forklare kvifor ikkje er på bana. Eg saknar ein såpass sentral spelar som han, så god som han var i fjor. Det er eit mysterium for meg i alle fall kvifor han ikkje er på bana.

Til helga kjem Tromsø til Sogndal. Av 11 forsøk i eliteserien har tabellfemmaren berre fått ein trepoengar på Fosshaugane. Det skjedde i 2001. Seks av kampane har enda i heimesiger.

– Kanskje er det dei som skal få svi, delvis håpar og spør Navarsete.