Hopp til innhold

Verst stilt med ambulansepersonell

No risikerer føretaket dagbøter på 10 000 kroner.

Ambulansesjef Stian Sægrov

Ambulansesjef Stian Sægrov i Helse Førde.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

- Situasjonen i Helse Førde er nok etter vår vurdering den mest sårbare i eit større geografisk område i Noreg når det gjeld ambulanseteneste, seier assisterande direktør i Helsetilsynet, Geir Sverre Braut.

- Har hatt lang nok tid til å retta opp

Ei rekkje ambulansar har ikkje nok kvalifisert personell, og held såleis ikkje minstekravet frå Styresmaktene. Allereie i feburar 2009 tok Helsetilsynet tak i bemanningssituasjonen.

- Me meiner Helse Førde no har hatt lang nok tid til å få på plass dei tiltaka me meiner skulle ha vore der, og som regelverket krev, seier Braut.

- Risikerer uforsvarleg behandling

I ein ambulanse med to arbeidarar skal minst EIN ha autorisasjon eller lisens, og andre ha relevant kompetanse. Eit minstekrav som verken Askvoll, Balestrand, Bremanger, Fjaler , Selje, Svelgen eller Vik når i dag.

- Ein risikerer over ein lengre tidsperiode at pasientar ikkje får ei forsvarleg behandling når ein har så låg dekningsgrada som ein har i ein del område i Sogn og Fjordane.

Risikerer uvanleg tvangsmulkt

Helse Førde må no rapportereno kvar veke til Helsetilsynet om situasjonen. Om ikkje Helse Førde klarar å nå krava før nyttår, må dei betale tvangsmulkt på 10 000 for kvar vakt som ikkje fyller krava. Å måtte gå til det steg og setje hardt mot hardt er sjeldan kost, seier Braut.

- Det er ikkje hyppigt, og fyrste gongen me gjer i høve ambulanseteneste.

Ambulansesjef i Helse Førde, Stian Sægrov, håpar dei får på plass nok kvalifisert personell i ambulansetenesta innan den tid.

- Me har sett i verk ei rekkje tiltak. Nokre er strakstiltak, og andre meir langsiktige tiltak. Me har eit klart mål om at alt skal vera på plass til 1.januar så me ikkje får noko tvangsmulkt i Helse Førde.