Hopp til innhold

Dårlegast i landet

Solund er dårlegast i landet på sosialhjelp. Åleineforeldre krev no høgare satsar.

 

Illustrasjonsfoto
Foto: Sara Johannessen / Scanpix

Solund kommune er dårlegast i landet når det gjeld sosialhjelp til einslege. Stig Rusten, leiar i åleineforeldreforeninga, krev no at Solund skjerpar seg og aukar satsane.

 

- Skammeleg

- Kommunepolitikarane i Solund meiner at einslege skal klare seg på 3170 kroner i månaden. Det er skammeleg sosialpolitikk, seier Rusten. Han meiner kommunen bør skjerpe seg.

 Statens institutt for forbruksforskning meiner ein einsleg bør ha i snitt 6500 kroner i livsopphald i månaden. Solund kommune ligg altså på under halvparten av det SIFO meiner er forsvarleg. Undersøkinga frå åleineforeldreforeninga syner at Leikanger, Lærdal og Årdal er kommunane som kjem bra ut i Sogn og Fjordane, medan Solund ligg nedst og ifølge Rusten bidreg til at avstanden mellom sosialklientar og lønsmottakarar aukar.

- Dette gjer at ein påfører folk naud og sjukdom og set dei lenger utanfor arbeidslivet. Kommunane har fått mykje meir å rutte med det siste året, og no er det på tide at dei økonomisk svakaste i kommunane får nyte godt av det.

Overraska ordførar

Konstituert administrasjonssjef Gunn Mongstad i Solund vart overraska over at Solund ligg på botn når det gjeld sosialstønad til einslege.

- Det var nytt for meg at vi kjem verst ut. Solund kommune ynskjer ikkje at dei som treng sosialhjelp skal vere i ein vanskeleg situasjon. Men kommunen er i ein pressa situasjon, og det har ikkje vore rom for auke på noko område i kommunen. Viss det no viser seg at vi er verst, så kunne eg tenkt meg å sjå litt meir på det - og ta opp til vurdering om det er noko vi skal gjere med det fram til neste budsjett.