Hopp til innhold

Dårlegare år for Nordfjord Kjøtt

Nordfjord Kjøtt hadde i fjor eit resultat før skatt på 31,6 millionar kroner. Det er ein nedgang på 61 prosent frå året før, skriv Fjordingen. Slakteriverksemda leverer alt som blir produsert til Rema 1000. At daglegvarekjede i 2017 hadde eit turbulent år førte og til nedgang i omsetninga for Nordfjord Kjøtt. Omsetninga i fjor vart på vel to milliardar kroner, noko som er ein nedgang på 12 prosent frå året før.

Nordfjord Kjøtt
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK