Hopp til innhold

Dårleg ver og kaos på vegane

Vind, mykje snø og isglatte vegar gjorde køyreforholda mellom Aust- og Vestlandet elendige søndag.

Snø og dårlege køyrefrohold i Sogndalsdalen

VANSKELEGE FORHOLD: I Sogndalsdalen blir det meldt om veldig vanskelege køyreforhold

Foto: Kaia Johnsen Viki

– Det er heilt forferdeleg dårleg sikt og veldig glatt. Folk som skal ut å køyre må vere veldig forsiktige, seier Narve Heggheim, som er på veg frå Førde til Oslo søndag.

Han skildrar vegen som svært glatt og seier at trafikken går mykje saktare enn det som er vanleg.

I Sogndalsdalen har dei glatte vegane ført til ei alvorleg trafikkulukke. I Årdal er meir enn 5000 menneske heilt isolerte fordi begge vegane inn til kommunen er stengde.

Rundt klokka 12 søndag føremiddag vart riksveg 52. over Hemsedalsfjellet stengt for all trafikk. Det blir meldt om svært dårleg sikt på det viktige sambandet.

Her er ei oversikt over vegane måndag kl 11:00

  • Riksveg 13 over Vikafjellet – stengt (ny vurdering måndag klokka 14)
  • Fv 27 Venabygdsfjellet - stengd
Kø i Sogndalsdalen

STÅR I KØ: I Sogndalsdalen står bilistar i kø på grunn av ei trafikkulukke ved Frudalstunnelen.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Mykje snø som ikkje er brøyta

Ved Vegtrafikksentralen i Lærdal kan dei fortelje at det kjem inn mange meldingar om mykje snø og dårleg sikt.

– Det er mykje snø som ikkje er brøyta, men no er det entreprenørar ute og jobbar for full sving, seier Kjetil Molvær.

Han meiner at E16 over Filefjell no er den einaste heilt sikre vegen mellom Aust- og Vestlandet.

– Sjølv om det er kolonnekøyring. Der trur eg ikkje det vil bli heilt stengt, men du veit jo aldri, seier Molvær.