Midt på dagen den 23. november i fjor var ein 28 år gamal mann ute med privatflyet sitt i luftrommet over Førde Lufthamn, Bringeland. Brått oppstod det kraftig røykutvikling i kabinen. Flygaren fekk sjølv varsla om naudsituasjonen til lufthamntenesta på flyplassen, som slo full alarm.
Opna dører og vindauge
Flygaren fekk opna dører og vindauge i flyet, og ifølgje hans eigen rapport reduserte dette røykutviklinga i kabinen. Motoren vart sett på tomgang, men han kunne ikkje slå av motoren fordi det ville vere umogleg å starte han att i lufta.
Flygaren klarte å lande flyet utan større vanskar, og røyken gav seg etter at flyet var på bakken.
Feil på eksosrøyr
I rapporten frå Havarikommisjonen blir det konkludert med at eksosrøyret på flyet hadde losna og at flammedemparen hadde gått tvers av. Det blir òg slått fast at eksosrøyret var i generelt dårleg forfatning.
Alvorleg
Havarikommisjonen ser på hendinga som alvorleg og understrekar at det er viktig å forvisse seg om at eksos ikkje kjem inn i kabinen ved å vedlikehalde dette utstyret grundig og ofte.