Hopp til innhold

Dårleg undervisning - byter skule

Fire elevar ved Nesse skule i Balestrand har fått lov til å flytte til ein annan skule i kommunen etter å ha klaga på undervisninga.

Nesse skule
Foto: Ottar Starheim / NRK

Ved same skulen har også rektor sagt opp stillinga.

Ordførar Einar Målsnes er lite nøgd med stoda.

- Dette må vi ta ansvaret for og gå gjennom undervisninga vi gir. Vi skal ha gode skular for alle på alle klassetrinn, seier han.

Samansett bilete

Men kvaliteten på Nesse skule er ikkje god nok for fire av elevane i 5.-7. klasse. Dårleg undervisning gjer at dei har søkt om å bli flytta frå Nessane til Sagatun i Balestrand sentrum.

Fungerande rektor ved skulen, Kari Rønnestad, avviser at det er ein ukultur ved skulen, men vedgår at bemanninga kunne vore styrka på eit tidlegare tidspunkt. Ho seier skulen er liten og sårbar.

Ifølgje Rønnestad ligg fleire årsaker til grunn for at elevane vel å flytte, men ho vil ikkje seie anna enn at det er eit samansett bilete. Leiar i foreldrerådet, Ragnar Aaland, vil ikkje kommentere saka til NRK. Det vil heller ikkje nyleg avgåtte rektor Arnstein Menes.

Men ordførar Einar Målsnes seier undervisninga skal bli betre framover og bemanninga sterkare.

- Vi har jobba gjennom dette med foreldrerådet for å finne løysingar, seier han.