NRK Meny
Normal

Lastebil sperra vegen i fem timar - politiet har oppretta sak mot sjåføren

Politiet har har oppretta sak mot føraren av vogntoget som sperra fylkesveg 57 i Gaular i fem timar i dag. Sjåføren har fått eit førelegg på 10.000 kroner.

trailer 57

SIT FAST: Det nederlandske vogntoget sit førebels bom fast på fylkesveg 57.

Om lag klokka 06.30 tysdag morgon fekk NRK melding om at ein utlanlandsk trailer hadde køyrd seg fast på Yndestad i Gaular. Fem timar seinare hadde den lange lastebilen knapt flytta seg ein meter.

Kring klokka 11.30 var vegen rydda, og opna att for fri ferdsle.

– Vi har folk på staden, og det er no oppretta sak mot føraren av bilen. Sjåføren får eit førelegg på 10.000 kroner. Det skuldast manglande tryggleik på vinterføre. Det er manglar både når det gjeld dekk og kjettingar, opplyser operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Per Rimmen.

Ei rekkje bilførarar har i dag vore i kontakt med NRK og fortalt om vanskelege køyretilhøve både på riks, fylkes - og kommunale vegar rundt om i fylket.

Statens vegvesen sin vegtrafikksentral i Lærdal melder at arbeidet med å få fjerna lastebilen frå fylkesveg 57 tok tid, fordi bilen var kilt tett inntil fjellsida. Mannskap frå Førde Bilberging kom til staden, saman med mannskap frå politiet.

Stengd veg Yndestad

SPERRAR VEGEN: Ein nederlandsk lastebil sperrar fylkesveg 57 ved Yndestad mellom Bygstad og Storehaug.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser