Hopp til innhold

Dårleg resultat for Domstein

Domstein-konsernet leverte eit dårleg resultat etter 2. kvartal i år. Driftsresultatet vart på minus 18,8 millionar, 15 millionar svakare enn på same tid i fjor. 

Domstein
Foto: NRK

 

Rolf Domstein
Foto: NRK

Konsernsjef Rolf Domstein seier det er vanleg med svakt resultat etter 2. kvartal, men at det er litt ekstra i år.

- Hovudverksemda er pelagisk fisk, og der er det lågsesong det meste av denne perioden. I år har vi i tillegg hatt ein vanskeleg marknad for sild. Kombinasjonen av dette gjer at det har blitt eit dårleg kvartal, seier han.  

Oppkjøp

Domstein ASA består av Domstein Enghav, Domstein Pelagic og Ervik Havfiske. Både Enghav og Pelagic gjekk dårleg.

- I Enghav har vi kjøpt opp mange nye bedrifter, først og fremst grossistverksemder. Vi har hatt ein del kostnader i samband med samanslåing av dei bedriftene. Det som er positivt er at vi har hatt eit godt kvartal på filetfabrikken i Måløy. Ervik Havfiske har også gjort det godt, seier han. 

Svingande marknad

Det dårlege resultatet uroar ikkje konsernsjefen.

- Vi er vant med at råstofftilgangen og marknaden svingar. Eg likar jo sjølvsagt best å levere gode resultat, men vi må også vere budde på dårlege periodar, seier han.