NRK Meny
Normal

Dårleg reinhald i konditoriet

Pyramiden Mat i Gaupne har fått pålegg frå Mattilsynet om å utbetre fleire forhold på si konditoravdeling.

Mellom anna manglar det vask på konditoriet og eine bordet er laga av sponplater som er vanskeleg å halde reine.

I tillegg skriv Mattilsynet i rapport sin at døra til fryserommet er svært skitten. 

Pyramiden Mat har ein klagefrist på tre veker.