Forsking har tidlegare vist at Sogn og Fjordane er dårlegast i landet til å tene pengar på natur og kultur. Dette vil fylkesmannen gjere noko med, seier prosjektleiar Geirmund Dvergsdal.
Geitost og kystkultur
Geitost produsert etter ei 200 år gamal oppskrift med råvarer frå Jostedalsbreen nasjonalpark og informasjonssenter for kystkultur på Værlandet er nokre av dei konkrete prosjekta det blir arbeidd med, og som skal gi nye arbeidsplassar i fylket. Til saman er 12 prosjekt under oppstart. Gjennom motivering og informasjon håpar Dvergsdal at folk kan få augo opp for mogelegheitene ein har rundt seg.
- Har vore for tradisjonelle
Ein rapport frå Høgskulen i Sogn og Fjordane har vist at vi er dårlegast i landet på natur- og kulturbaserte etableringar. Her i fylket har vi ikkje klart å tene pengar på unik natur og flott kultur. Forskar Georg Arnestad ved Høgskulen har tidlegare sagt at vi tenker for tradisjonelt. Geirmund Dvergsdal er einig i at vi kanskje har vore tradisjonelle her i fylket. Men han håpar at trenden no vil snu.