Ordførar Gunn Helgesen. Arkivfoto NRK
Men ordførar Gunn Helgsesen i Selje synest rangeringa er urettvis. - Når eg veit kva kriterium dei byggjer på, tek eg rangeringa med ei klype salt, seier ho.
Berre sju kommunar verre ut
Skal ein tru årets gransking frå Statistisk Sentralbyrå er det berre sju kommunar i landet som er dårlegare enn Selje på likestilling. I 2003 var det endå verre, då var det berre ein kommune i landet som kom dårlegare ut enn Nordfjord-kommunen.
- Naturleg forklaring
Indikatorane som ligg til grunn for rangeringa er mellom anna barnehagedekning, utdanningsnivået til kvinner og menn, inntekt til kvinner og menn og prosentdel kvinnelege kommunestyrerepresentantar. Men ordføraren meiner det er ei naturleg forklaring på at Selje kjem dårleg ut. - Er du høgt utdanna, har du svært få jobbar å velje mellom i Selje, og dei kvinnelege arbeidsplassane vi har er ikkje spesielt høgt lønte, seier Gunn Helgesen.
Leikanger på topp
Men Sogn og Fjordane har også i år dei beste kommunane på likestilling. Leikanger kommune toppar lista saman med Karasjok, tett fulgt av Jølster. Og ordføraren i Selje seier dei jobbar med å kome meir positivt ut. - Vi prøver å få oppretta interessante arbeidsplassar, og på å få utflytte kvinner tilbake, men det er ikkje så enkelt, seier Gunn Helgesen.