NRK Meny

Dårleg inngang på 2017

Helse Førde ligg 3,1 millionar kroner etter budsjett så langt i 2017. I ei pressemelding skriv helseføretaket at om dei ikkje klarer å løyse den økonomiske utfordringa, er det fare for investeringar i medisinsk-teknisk utstyr, IKT og bygg i framtida. Helseføretaket gjekk med 4,6 millionar kroner i pluss i fjor, noko som er ti millionar kroner dårlegare enn i 2015.