Hopp til innhold

Dårleg hjortejakt

Så langt i haust har dei vore ei dårleg hjortejakt i indre Nordfjord. Det er felt vel 300 dyr i Stryn og kring 70 i Hornindal, skriv Fjordingen. For Stryn sin del er det snakk om berre ein tredel av dei tildelte fellingsløyva. Viltansvarleg i Stryn kommune, Odd Rønningen seier dei knapt har hatt dårlegare fellingsprosent i månadsskifte oktober/november.