Hopp til innhold

Dårleg føre og stengde fjellovergangar

Låge temperaturar og eit nedbørsområde på veg nordover har skapt snø, dårleg sikt og sleipt føre i indre Sogn tysdag morgon.

Snøføre i Sogndalsdalen

GLATT: Det var kvit vegbane i Sogndalsdalen tysdag morgon.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Tysdag morgon har det vore kaldt i indre Sogn og snø på fjellovergangane. Ketil Molvær ved Vegtrafikksentralen i Lærdal ber folk i indre strøk om å ta det med ro ute på vegane.

– Det har kome mykje snø i indre strøk, særleg i Aurland og Lærdal. Det er nullføre og slaps. Både sikta og føret er dårleg, så folk bør ta det med ro på vegane.

Fylkesveg 50 mellom Hol og Aurland og fylkesveg 55 over Sognefjellet er stengt. På vegen over Sognefjellet blir det teke ei ny vurdering av situasjonen klokka 13. Molvær fortel at det og kan vere problematisk på dei andre fjellovergangane.

– På Hemsedalsfjellet er det kraftige snøbyer, og større køyretøy må ha kjettingar frå Borlaug og opp. I tillegg er det redusert sikt på både riksveg 13 over Vikafjellet og på fylkesveg 53 mellom Årdal og Tyin.

Mildare utover dagen

– Vi fekk eit nedbørsområde inn frå sør i løpet av natta. På nordsida av det området er det ganske kjølig luft, noko som fører til låg snøgrense, seier meteorolog Frode Hassel.

Hassel trur temperaturane i indre Sogn vil stige utover dagen, medan det lenger nord kan bli kvit nedbør heile dagen.

– På kysten kjem nok nedbøren som regn i dag, elles i sør så vil temperaturen stige utover dagen. I nord vil nok mesteparten av dagens nedbør vere snø. I morgon blir det truleg litt kaldare, med regnbyer i låglandet og snø i høgda