NRK Meny

Dårleg fiske i sogne-elvar

I dei største og mest kjende elvane i Sogn vert det det meldt om dårleg lakse- og sjøaurefiske i sommar. Det skriv Sogn Avis. I det som vert omtalt som dronninga av lakse-elevane - Lærdalselvi - vart det fanga 4,7 tonn laks i sommar mot 8,4 tonn i fjor. Grunnane til den dårlege fiskesesongen er fleire. Lakselus, redusert vassføring og etterverknader av skadeflaumar vert oppgitt som årsaker.