Hopp til innhold

Dårleg besøk for Målrock – jubileumsfestivalen er i uvisse

– Det gjekk ikkje heilt etter planen, for å vere ærlege, seier festivalsjef Thomas Norheim Moen etter årets Målrock.

Målrock 2017

LITE BESØK: Målrock 2017 selde berre 6.900 billettar i år. No må arrangørane i tenkeboksen før dei avgjer om det blir festival neste år.

Foto: Kristoffer Øen

Vêret var stabilt ustabilt, men stemninga blant festivalpublikumet var upåklageleg. Diverre var det for få av dei.

6.900 selde billettar er langt mindre enn arrangørane håpa på.

– No veit vi ikkje korleis økonomien blir til slutt, men vi må faktisk vurdere om vi kan gjennomføre ein Målrock neste år. Då er det 15-årsjubileum, så det håpar eg verkeleg at vi klarer, seier Thomas Norheim Moen.

Godt program

Sondre Lerche på Målrock 2017

FREDAGEN: Veletablerte Sondre Lerche stod på scena fredag kveld.

Foto: Kristoffer Øen

Målrock hadde artistar som CC Cowboys, TNT, Gabrielle, Sondre Lerche og Janove på programmet. Onsdagen og torsdagen hadde godt besøk, men 1.300 publikumarar fredag og 1.400 laurdag var mindre enn budsjettert.

Festivalen som i fjor fylde Meieriparken til randa med Marcus & Martinus , må no i tenkeboksen.

– Vi kan slå fast at vêret har ein del å seie, men vi må også sjå på samansetninga av artistar, om opplegget er godt nok eller om vi rett og slett har for store ambisjonar, seier Moen.

Dyrare idrett

Glad for støtte til vinteropen veg

ARKIVBILETE: Anne Kauppi seier Målrock er ei viktig inntektskjelde for Årdalstangen IL.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Musikkfestivalen er dugnadsbasert og kring 400 frivillige, hovudsakleg frå Årdalstangen IL og fotballgruppa i Jotun. For desse representerer musikkfestivalen ei viktig inntektskjelde.

Årdalstangen IL hadde kring 150 dugnadsarbeidarar i sving med mellom anna rigging og rydding av både festival- og sentrumsområde.

– Inntektene varierer, men dei plar ligge på kring 100.000 kroner som vi fordelar på gruppene. Fell inntektene bort, skal vi leite lenge for å finne dugnad som gir slik inntening, for å unngå å måtte auke medlemskontingenten, seier økonomiansvarleg Anne Kauppi.

Store ringverknader

– Det blir ikkje lett. Godt betalte dugnader blir det færre og færre av. Utgiftene våre ligg der og ein stad må vi få pengar frå, legg Kauppi til.

Ho tykkjer det er trist om festivalen skulle gå over i historiebøkene.

– Den gir ikkje berre ringverknader for Jotun og Åtil, men også for handelsstanden. Festivalen trekkjer til sege tilreisande og i år var her folk frå onsdag til søndag, som nytta seg av tilboda i sentrum.

Kamp om artistane

Lothepus på Målrock 2017

POPULÆR: Lothepus var ein populær mann både på og utanfor scena i helga.

Foto: Kristoffer Øen

I festivalleiinga håpar festivalsjef Norheim Moen på eit nytt arrangement også i 2018.

– Sjølv om tala ikkje stemde heilt for oss i år, så er eg kjempestolt over arbeidet som blir lagt ned. Publikumet var heilt fantastisk og tilbakemeldingane gode, seier han.

Norheim Moen ser ikkje bort frå at det er for mange festivalar, som slår kvarandre i hel.

– Eg trur ikkje festival-Norge har vore større enn no. Det merkar vi også på booking, då det er vanskeleg å få tak i artistar. Spesielt er kampen om dei mest populære norske artistane hard.