Her stod Fredrik og Tobias då steinar store som bilar hagla rundt dei

VÅGÅ/LUSTER (NRK): Dei to danskane var på veg mot Nigardsbreen då dei enorme steinane dundra ned på stien dei gjekk på.

Ras ved Nigardsbreen. To danske turistar var ved breen

HER STOD DEI: Dei to danskane var oppe ved breen då steinane dundra ned rett ved der dei stod.

Foto: Truls Erik Bønsnes / NVE

– Vi var livredde. Heldigvis skjedde det ikkje noko skade, seier Fredrik Jordan Jensen.

Han og kameraten Tobias Kristensen kom rett ved det svære steinraset som måndag dundra ned fjellsida over den svært trafikkerte stien inn til Nigardsbreen i Sogn.

Titusenvis av menneske vitjar kvart år den berømte brearmen inst i Jostedalen i Luster. Mange av dei går den kilometerlange stien, og turistsesongen strekk seg stadig lenger utover hausten.

Raset ved Nigardsbreen måndag.

– Steinar på storleik med bilar

I regnvêret måndag losna steinar store som bilar og rasa ned mot stien. Dei to danskane var blant dei som etter beste evne måtte søke dekning bak steinblokker.

– Vi gjekk stien for å ta nokre bilete og nyte naturen. Så høyrde vi berre eit kjempebrak bak oss. Så kom det mange store steinar om lag på storleik med ein bil. Vi vart redde, vi hadde ikkje rekna med noko slikt i det heile teke, fortel dei til NRK i dag.

Fredrik Jensen og Tobias Kristensen

SPESIELL OPPLEVING: Fredrik Jordan Jensen og Tobias Kristensen overlevde raset ved Nigardsbreen.

Foto: Even Lusæter / NRK

Måtte gøyme seg bak fjellknaus

To tilsette i NVE var i området då raset gjekk og dei sprang i retning turistane.

– Eg såg at det var to turistar som var på veg inn til breen og dei kunne jo like gjerne ha vore midt oppe i nedslagsfeltet for alt eg visste. Etter kvart som raset gav seg sprang vi inn for å sjå om dei var i live. Det synte seg at dei gøymde seg bak ein fjellknaus, fortel Truls Erik Bølsnes i NVE.

Alt tilgjengeleg redningsmannskap i Sogndal og Luster rykte ut etter at meldinga om steinraset kom.

Dei to danskane seier dei fekk sjokk av raset.

– Vi prøvde å kome oss i ly, så ringde vi til politiet. Vi såg også to andre personar i området.

Vil ikkje stenge stien

– Det går ofte stein om hausten, men det er ikkje så ofte det er av slikt kaliber som i går, seier Aina Elise Stokkenes, naturforvaltar i Luster kommune.

– Kjem de til å stenga stien etter raset?

– Nei, det er ikkje vanleg å stenga stiar i Noreg. Og snart blir det naturleg stengt av vêr og snø.

– Lyden var enormt høg

Heldigvis kom alle seg uskadde frå opplevinga.

– Vi såg berre steinane nokre sekund før vi kom oss vekk. Lyden var enormt høg. Eg hadde aldri trudd at steinskred laga slike lyder, det var som tore og store brak, seier Tobias Kristensen.

I døgeret som har gått har dei tenkt over faren dei var i.

– Naturen er flott i Noreg, men ein bør kanskje gå slike stadar på tidspunkt når det er litt tørrare, seier Jensen.

Nigardsbreen

TURISTATTRAKSJON: Nigardsbreen i Sogn og Fjordane.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK