NRK Meny
Normal

Pillerusa lege tiltalt for bildrap visste at han var under gransking frå helsetilsynet

Den danske legen som er tiltalt for bildrap etter dødsulukka på Bryggja i fjor vår, vart alt i 2011 klar over at Statens helsetilsyn granska han for fleire alvorlege tilfelle av trygdesvindel og fagleg uforsvarleg arbeid om lege.

Trafikkulukke ved Bryggja.

KVINNE OMKOM: Ei polsk seksbarnsmor døydde i ulukka i mars 2013. No må ein dansk lege møte i retten.

Foto: Øystein Torheim

Kort tid etter ulukka mista han autorisasjonen til å arbeide som lege. Mannen var tilsett i eit vikariat i Vågsøy kommune, men rådmann Knut Ove Leite seier at dei ikkje var klar over at legen var under gransking for alvorlege forhold.

28. mars i fjor kolliderte to bilar front mot front på Bryggja i Nordfjord. Ei polsk seksbarnsmor døyr. I den andre bilen sit ein dansk vikarlege, påverka av medikament over lovleg grense. Bilen han køyrde hadde ein fart på minimum 125 km/t. Komande måndag skulle ha møtt i Fjordane tingrett, tiltalt for aktlaust bildrap. Fordi ein av dei sakkyndige har blitt sjuk, er saka utsett til hausten.

Var lenge under gransking

Ei omfattande mengde dokument frå helsestyresmaktene avslører at legen sidan 2011 hadde vore under gransking frå statens helsetilsyn. Han var sjølv klar over at han kunne miste autorisasjonen som lege då dødsulukka skjedde. Dette visste ikkje arbeidsgjevar Vågsøy kommune noko om.

– Det var vi sjølvsagt ikkje kjende med. Då ville han ikkje blitt engasjert. Han var jo engasjert av kommunen via eit vikarbyrå. Men det er vi som har avtale med legen så det er kommunen som har ansvaret for å sjekke. Det har tydelegvis blitt forsømt her, seier rådmann i Vågsøy, Knut Ove Leite.

Økonomisk rot med pasientrekningar, feilutbetalingar frå staten til seg sjølv på over ein halv million og uforsvarleg oppførsel i møte med døyande pasientar. Det var blant sakene legen hadde med seg i bagasjen frå Sør-Trøndelag då han byrja som vikar i Vågsøy.

Eg tenkjer jo at det er kommunen sitt ansvar å syte for at dei personane dei tilsetjer har dei kvalifikasjonane som dei treng

Jakob Andersen, ass. fylkeslege

Opplyste ikkje vikarbyrået heller

I 2012 fekk han også ei klagesak på seg som legevaktlege ved Nordfjord sjukehus. Ingen av desse alvorlege sakene hadde han opplyst om til kommunen. Det hadde han heller ikkje fortalt til det danske vikarbyrået Transmedica-NordVik, som formidla han til Vågsøy kommune. Dei vil ikkje la seg intervjue, men direktør Mikael Palm skriv følgjande i ein epost:

«Vi ser, at dette er en svert, svert trist og ulykkelig sag for alle parter. En stor tragedie for alle involverede i ulykken. Vedrørende legen har han kun været formidlet til en (1) eneste kommune via Nordvik, nemlig til Vågsøy kommune, dette i oktober 2012. Iøvrigt ønskede kommunen selv siden og efter dette vikariat, at forlænge legen sin ansettelse, i nyt vikariat fra omkring marts 2013, så vi er gået udfra, at han havde gjort et bra job. Ved formidling indgår kommunen og legen selv alle aftaler, og kommunen er legen sin arbejdsgiver. Vi sætter kun de 2 parter i kontakt med hverandre. Nordvik, har hverken før eller under vikariatet i 2012 haft nogen som helst viden om at legen har haft problemer, været under granskning eller under opsyn. Så om legen selv har vidst dette, har han undladt at informere både os og kommunen.»

– Det er kommunen sitt ansvar

Assisterande fylkeslege i Sogn og Fjordane, Jakob Andersen, er tindrande klar på at det er kommunen sitt ansvar å sjekke bakgrunnen når dei engasjerer helsepersonell. At legen sjølv ikkje opplyste om at han var under gransking er inga orsaking, meiner Andersen.

– Eg tenkjer jo at det er kommunen sitt ansvar å syte for at dei personane dei tilsetjer har dei kvalifikasjonane som dei treng. seier han til NRK.

NRK har ved ei rekkje høve forsøkt å kontakte legen, men han har førebels ikkje svart på våre telefonar, SMSar eller epostar. Mannen sin advokat, Paul Inge Angelshaug, vil heller ikkje seie noko.

Ikkje første gong det skjer

Direktør i Helsetilsynet, Jan Fredrik Andresen, er også tydeleg på at det er kommunen sitt ansvar å sørge for at dei som blir tilsette har kvalifikasjonane i orden og ikkje har andre saker på seg.

– Det er alvorleg at det skjer. Folk skal ha forsvarlege helsetenester, og då må ein ha kvalifisert og kompetent personell.

Sjølv om lovverket er tydeleg, så er det ikkje første gong ei slik sak dukkar opp. På 2000-talet vart kommunar og helseføretak spurde om korleis dei gjorde jobben med å sikre tilsette sine kvalifikasjonar.

– Gjennom undersøkinga og tilsynssaker såg vi at det var forbetringpotensiale, seier Andersen.

Han trur det er fleire grunnar til at arbeidsgjevarane slit med å tilfredsstille krava.

– Ein kan tru at andre har sjekka det, okre brukar vikarbyrå, ein kan gløyme det, medan andre kanskje ikkje veit kva dei skal gjere. Helsedirektoratet og Helsetilsynet har laga informasjon til helseføretaka og kommunane om korleis dei skal gjere denne jobben, seier han.

Lovar å skjerpe rutinane

NRK har også vore i kontakt med kommunen der mannen jobba tidlegare, som stadfestar at legen alt i 2011 vart meld til helsetilsynet. Vågsøy-rådmann Knut Ove Leite lovar at dei no skal skjerpe rutinane å sjekke bakgrunnen når dei tilsetjer helsepersonell.

– Dette er sjølvsagt ei tragisk sak som ytterst beklageleg skjedde. Legen var inne i veldig korte periodar. Det er all grunn til å understreke at det burde vore undersøkt betre i forkant.

– Men kva har Vågsøy kommune gjort for å unngå at noko slikt skjer igjen?

– Vi har forsøkt å skjerpe inn rutinane. Dette er ei yrkesgruppe der det er stor utskifting og mykje korte vikariat. Det tilseier for så vidt at det er grunn for å sjekke. sler rådmannen fast.