Hopp til innhold

Lege avhøyrd - to månader etter dødsulukke

Vikarlegen som overlevde dødskrasjet ved Bryggja i påska, hugsar ingenting frå ulukka.

Trafikkulukke ved Bryggja.

DØDSULUKKE: Den danske vikarlegen som var involvert i dødsulukka ved Bryggja 28. mars har ikkje kunne kaste lys over kvifor ulukka skjedde.

Foto: Øystein Torheim

Den danske mannen vart like etter ulukka overført til sjukehus i heimlandet, og vart først onsdag denne veka avhøyrd av politiet.

Legen var på veg heim frå nattevakt på Nordfjordeid då han krasja med ein møtande bil ved Bryggja. Ei 49 år gamal seksbornsmor frå Polen omkom i ulukka.

Lensmann i Vågsøy Tormod Hvattum

LENSMANN: Tormod Hvattum.

Foto: Hildegunn Løken Holtan / Fjordenes Tidende

– Han hugsar svært lite, om noko i det heile, om det som skjedde. Det er stadfesta at han kom frå nattevakt, men han seier han kjende seg opplagd til å køyre sjølv, seier lensmann Tormod Hvattum i Vågsøy.

Kom til Måløy

Mannen vart sjølv alvorleg skadd i ulukka, og vart overført til sjukehus i Danmark etter ynskje om å vere nærare familien sin.

Politiet vurderte ei tid om dei skulle be dansk politi om hjelp til avhøyr, eller om dei skulle reise nedover sjølve for å få gjennomført avhøyr .

– No kjende han seg i litt betre form, og tok på eige initiativ turen til Måløy for å bli avhøyrd, seier Hvattum.

(Artikkelen held fram under videoen)

Ei kvinne er stadfesta omkomen, og to personar sendt til sjukehus etter ei trafikkulukke ved Bryggja i Vågsøy.

VIDEO: Ei kvinne omkom i dødsulukka ved Bryggja, skjærtorsdag i påska. (Foto/redigering: Bjarne Eldevik)

Fråteken førarkortet

Politiet antyda tidleg at den eine bilen kan ha hatt høg fart, og kome over i feil køyrebane. Ein av teorien til politiet har også vore om mannen kan ha sovna ved rattet.

Mannen vart rutinemessig fråteken førarkortet etter ulukka .

– Undersøkingane viser at i alle fall ein av bilane har hatt høg fart, og heilt eller delvis har kome over i feil køyrefelt, sa politiførstebetjent Roger Gundersen få dagar etter ulukka.

Ventar på rapportar

Avhøyret onsdag har ikkje kunne kaste lys over kvifor ulukka skjedde. Politiet kan framleis ikkje seie noko om farten på køyretya.

Hvattum seier dei framleis ventar på ein del rapportar.

– No står det att å få inn rapportar frå eksterne folk, som ulukkeskommisjonen og vi har bede om rapport på bilane. Når vi får inn rapportane, vil vi vurdere behovet for ytterlegare avhøyr, seier lensmannen.

Vil trekkje ut i tid

– Det betyr at saka vil trekkje noko ut i tid?

– I ei så alvorleg sak, så ser vi det som relativt normalt.

Hvattum seier mannen er prega av ulukka.

– Inntrykket vårt er at dette har gått sterkt inn på han. For det første har han fått omfattande skadar sjølv, og han har vore involvert i ei ulukke der ein person omkom. Dette har vore veldig tungt for vedkommande, avsluttar han.