Dansk tankskip gjekk på grunn i Åfjorden

Ein 67 meter lang tankskip har gått på grunn i Åfjorden i Hyllestad. Mannskapet på sju skal ikkje vere i fare.

Ein dansk lastebåt gjekk torsdag morgon på grunn i Åfjorden i Hyllestad i Sogn og Fjordane.

GRUNNSTØYTTE: Den danske tankaren «Dart» har gått kraftig på grunn i Hyllestad. Foto: Atle Inderøy

Det danske tankskipet «Dart» var på veg nordover mot Florø med boreslam då det gjekk rett på Grøneskjæret utanfor Skivenes.

– Eg må seie eg sperra opp augo då eg såg ein båt på høgste skjæret, seier lokalkjende Atle Inderøy til NRK.no.

Står kraftig på grunn

Lastebåten "Dart" grunnstøytte på eit skjer

INGEN FARE: Mannskapet på sju skal ikkje vere i fare.

Foto: Atle Inderøy

Politiet opplyser at dei fekk melding frå HRS klokka 0530. Skipet har ei dødvekt på 759 tonn og var på veg frå Kopervik i Rogaland.

Boreslam består som regel av vatn, olje, leire og ulike tilsette kjemikalie.

– Vi har fått stadfesta at båten står ganske langt opp på grunn, kring 20-25 meter. No er det flo i 07-tida, men dei må nok ha hjelp frå eit større farty for å komme av grunna, opplyser operasjonsleiar Kjetil Avsnes ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Feilnavigering

Grøneskjeret i Hyllestad

GRØNESKJERET: Er eit lite skjær søraust for Hatløyna i Hyllestad.

Foto: Google Maps

Dei veit først når det er flo sjø om skipet kjem seg laus av grunnen. Politiet kan førebels ikkje seie noko om kvifor båten har grunnstøytt.

– Men ut frå det vi har fått opplyst frå HRS kan vi legge til grunn feilnavigering som utgangspunkt, seier Avsnes.

Inderøy er utpå med båt og fortel til NRK.no at båten står høgt på land. Han trur båten både har feilnavigert og gått på med stor fart.

– Må ha skade

– Her har det vore stor feilnavigering. Han har ikkje lagt om kursen nord for Krakhellesundet. Truleg har han hatt stor fart. Den står tungt opp på, seier Inderøy og fortel at han ikkje ser synlege skader på båten eller oljesøl.

– Men eg vil tru at det er skader under kjølen, for det er jo fjell den har støytt på, seier han og trur det blir ein utfordrande jobb å få skipet av skjæret.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tankar grunnstøytte i Åfjorden

PÅ GRUNN: Den danske tankaren 'Dart' har gått på grunn i Åfjorden i Hyllestad.

Foto: Atle Inderøy

– Skulle ikkje vore mogeleg

– No er det vel midt i mellom flo og fjære. Dersom dei skal ha full flo, så må ha kraftig tilleggsutstyr. Den står veldig kraftig oppå. Det gjer den, seier Inderøy.

Han trur det kanskje har vore dårleg vêr i natt, men meiner det likevel ikkje skulle vere mogeleg å gå så kraftig på skjæret.

Baugen til lastebåten "Dart", som står på grunn

SKADER: Det skal ikkje vere synlege skader eller teikn til utslepp frå skipet.

Foto: Atle Inderøy

– Det er tett tåke no og kraftig regn. No er det vel sikt på ein kilometer, men det burde ikkje gått an dette her med all elektronikken som er i dag, seier han.

Kystverket varsla

Redningsskøyta Halfdan Grieg er på veg til Åfjorden og er venta framme i 09-tida. Også Kystvakta er på veg til staden. Politiet vil også sende mannskap.

– HRS har også varsla Kystverket i høve til å ta hand om eventuell forureining, men det skal ikkje vere fare for forureining, seier Avsnes.

Sanntidskartet for ruta til Dart.

RUTA: Sanntidskartet frå marinetraffic viser korleis båten har gått rett fram etter Krakhellesundet.

Foto: Skjermdump: / marinetraffic.com