Hopp til innhold

Dansk kvinne funnen død på Vikafjellet

Ei dansk kvinne vart fredag ettermiddag funnen død på Vikafjellet, like ved Storehaugtunnelen.

Dødsulukke på Vikafjellet

FANN DØD KVINNE: Fredag ettermiddag vart ei dansk kvinne funnen omkomen på Vikafjellet.

Foto: Terje Målsnes

– Det er truleg snakk om ei fallulukke i samband med fotografering, seier Bengt Ness som er operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Den omkomne vart funnen av ein tysk turist, som varsla politiet klokka 17:26 fredag ettermiddag. Den avdøde vart funnen i ei skråning like ved vegen. Fotoapparatet til vedkomande låg igjen oppe ved autovernet.

Laster Twitter-innhold

Vi kan førebels ikkje seie noko om identiteten til den omkomne, men det er av dei tinga som no blir undersøkt seier Ness.

Politiet kan førebels ikkje seie noko om korleis kvinna har kome seg til staden der ho vart funnen, eller om vedkomande har hatt bil ståande i nærleiken.

Veit de noko om kor lenge den omkomne kan ha lege der?

– Nei, det er ukjent.

Dødsulukke på Vikafjellet

TRULEG FALLULUKKE: I denne skrenten vart den omkomne kvinna funnen.

Foto: Terje Målsnes

Ingen meldt sakna

– Er det personar som er meldt sakna i området

– Nei ikkje som vi kjenner til no.

– Kva skjer på staden no?

– Politiet har undersøkt funnstaden og vil jobbe vidare med dei opplysningane som vi får inn. Det viktigaste no er få identifisert vedkomande med tanke på varsling av pårørande, seier Ness.

Klokka 20:45 kan politiet stadefeste at dei kjenner identiteten til den omkomne.

– Det er ei dansk kvinne født i 1948. Vi har no varsla dansk politi slik at dei kan varsle dei pårørande, seier Ness.

dødsulukke