NRK Meny
Normal

Dansk fedmetilbod i Florø

Det danske selskapet Transmedica ynskjer å opprette eit nasjonalt senter for operasjon av overvektige i dei ledige lokala til Nærsjukehuset i Florø.

Florø nærsjukehus
Foto: NRK

Klokka 14 i dag kom svaret frå helseminister Syliva Brustad om at sengeposten ved Nærsjukehuset i Florø blir lagt ned, slik Helse Førde ønskjer.

Fedmesenter

Men danske Transmedica har allereie planane klare for kva tilbod dei ynskjer å etablere i kystbyen.

Selskapet sit på mykje kompetanse når det gjeld operasjonar av overvektige, og konserndirektør Karsten Svendsen viser til at det er lange ventelister i Norge for denne pasientgruppa.

- Ynskjer meir aktivitet

Svendsen seier det kan vere aktuelt å etablere fedmesenter i Florø fordi det er mykje ledig romkapasitet ved nærsjukehuset.

Berit Seljeset Osa, leiar i Flora Høgre, har stor sans for Transmedica sine planar. Ho ønskjer ny og auka aktivitet ved nærsjukhuset.

Vegopning på Bergum i Førde kommune