Hopp til innhold

Dansk dynamitt inntek Leikanger

I morgon kjem dei danske europameistrane i handball til Leikanger. Ein vanskeleg sponsormarknad er årsaka til at dei har treningsleiren der og ikkje i Årdal.

Danmark - Serbia

VERDAS BESTE: Mikkel Hansen avgjorde EM-finalen mot Serbia, no kjem han til Leikanger for å trene.

Foto: Andrej Cukic / Ap

Det var Torstein Kvam som kom på ideen om å invitere det danske herrelandslaget i handball til Sogn. For nokre år sidan var det danske kvinnelandslaget på treningsopphald i Årdal, den gong var Ulrik Wilbæk dametrenar.

No trenar Wilbæk herrelaget som tok gull i EM, og han sa ja til invitasjonen frå Kvam og Årdal.

Trener Ulrik Wilbek instruerer sine spillere under en time out i finalen.

TRENAR MED SUKSESS: Ulrik Wilbæk gir instruksjonar til laget sitt.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / SCANPIX

– Synd vi ikkje fekk det til i Årdal

Men så viste det seg at det ikkje var så lett å få sponsorhjelp til opphaldet i Årdal. Dermed hamna det heile i Leikanger, fortel Kvam.

– Det er ein tung sponsormarknad over det meste av fylket for tida,. I Leikanger fekk vi eit billegare hotellalternativ enn i Årdal. Det er synd at vi ikkje fekk det til i Årdal, og det var eg overraska over, for det har aldri tidlegare vore noko problem å få til slikt i Årdal. Men det er generelt ein mykje tøffare sponsormarknad no enn for åtte-ti år sidan.

Men no gler Kvam seg likevel til å ynskje dei danske europameistrane velkomne til Sogn. Laget skal frå komande fredag og til neste torsdag trene i Leikanger og Balestrand. I tillegg skal dei få oppleve litt av det Sogn kan tilby av turistattraksjonar.

Bretur på Nigardsbreen

– Saman med arrangørane i Syril, som har gjort ein enorm jobb, kan vi tilby dei ein bretur på Nigardsbreen på måndag, får vi det veret vi har i dag så blir det ei stor oppleving, og så skal dei på leirdueskyting på Kleppa i Leikanger søndag, med innlagd grilling og fotballkamp.

Danmark - Serbia

DANSK DYNAMITT: René Toft Hansen set inn eitt av måla i EM-finalen mot Serbia.

Foto: FRANCK FIFE / Afp

Danskane kjem til Sogndal lufthamn klokka 13.40 fredag, og alt klokka 17 startar den første treninga, i Belehalli i Balestrand.

Søndag blir det ein intern kamp i Leikanger. Torstein Kvam arbeidde ei tid med å få finalemotstandaren frå EM, Serbia, til Sogn, for å møte Danmark. Men det måtte han skrinlegge.

– Dei ville gjerne kome, men dei forlanga litt for mykje, det vart rett og slett for dyrt for oss med flytur til og frå Serbia og opphald i tre dagar for 30 personar.

Torstein Kvam

GLER SEG: Torstein Kvam.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Trur på fullsett hall

No blir det i staden Danmark 1 mot Danmark 2, men Kvam meiner dei som møter opp likevel vil få ei stor handballoppleving.

– Det er ikkje kvar dag vi får sjå dei beste handballspelarane i Sogn, så eg trur det vil fylle hallen i Leikanger, det vi seie 550 tilskodarar.

– Er det spelarar på det danske landslaget du gler det spesielt til å sjå?

– Ja, det må bli Mikkel Hansen, som vart kåra til den beste handballspelaren i verda. Eg gler meg veldig til å sjå den karen.

Herrehandballen treng ein kveik

Torstein Kvam håpar opphaldet til det danske landslaget kan gje ein kveik til herrehandballen i fylket, for der står det ikkje særleg sprekt til.

– Eg håpar alle som satsar på handball vil kome til Leikanger og sjå på treningane, for då får dei sjå korleis handball skal spelast. Elles skal hjelpetrenaren til Wilbæk ha eit økt med lokale handballspelarar i Syril, så det blir ei oppleving for dei som skal vere med der.

I samband med opphaldet til det danske landslaget blir det og ein næringslivskonferanse på Saften i Leikanger tysdag med trenar Ulrik Wilbæk som ein av foredragshaldarane. Han skal snakke om korleis ein byggjer eit vinnarlag.

Tom Nordlie, som trenar fotballaget til Kongsvinger, skal snakke om korleis ein skal takle motgang og medgang. I tillegg skal Per Steinar Melås ha eit innlegg.