Hopp til innhold

Dansevenninne til sjukehus - Malene dansa for henne på scena

I natt fekk ho vite at dansevenninna låg på sjukehus. I hui og hast endra Malene Solheim frå Gloppen på koreografien.

UKM Sogn og Fjordane

KREATIV: Gjennom dansen vågar Malene Solheimå sleppe laus kreativiteten.

– Dansen handla eigentleg om to jenter som kranglar, men som blir meir og meir i lag og venner til slutt. Det skulle vere mange hopp der eg skulle halde henne, skubbing på kvarandre og eit viktig samspel, men det måtte eg jo forandre i natt, fortel Malene Solheim.

16-åringen frå Gloppen måtte stå på scena åleine i dag. Dansepartnaren hennar, Ingrid Johansen, fekk nemleg ein så kraftig influensa at ho hamna på sjukehus i natt.

– Eg fekk litt panikk. Kva gjer vi no, liksom? fortel Solheim.

Gløymer alt anna

Som seksåring starta Malene å danse. Det var noko med dansen som fekk ho til å våge å sleppe seg laus og bruke kreativiteten sin på ein spesiell måte.

– Det er så spennande med dans, eg oppdagar heile tida nye ting ein kan gjere med kroppen sin. Det er spennande å sjå kva ein kan få til, fortel sekstenåringen.

Ingrid og Malene

ENDRA KOREOGRAFIEN: Malene skulle hatt med seg Ingrid på scena, men ho vart sjuk i natt.

Foto: Signe Fuglesteg Luksengard

Når ho dansar gløymer ho alt anna. Av og til kan det kjennest ut som om ho vaknar når siste steg er tatt. Medan ho har danse har ho på ein måte forsvinne.

– Eg kjem inn i ein boks for meg sjølv, «blankar» heilt ut og det er berre kroppen min som bevegar. Det er heilt herleg!

Ikkje det same utan Ingrid

Men ho måtte ha med hovudet sitt denne gongen. I natt ringde ho danselæraren sin, Birgitte Nerland, midt på natta. Saman fann dei på ei alternativ løysing.

Malene imponerte stort med høge hopp, ein sjeldan kroppsbalanse og god teknikk. Ho er godt fornøgd, sjølv om ho helst skulle hatt veninna si med seg. Draumen er å komme vidare til landsfinalen. Men då må venninna vere med.

– Det blir ikkje noko landsmønstring utan henne. Nei, det er ikkje det same utan henne, seier ho til.