NRK Meny
Normal

Danselæraren vår fekk oss til å elske dans

HØYANGER (NRK): Sara Sandvik Arnestad (15) og Tuva Nyhammer Taklo (12) er godt synlege med grøne paljettvestar både på scena og i gangane. Dei gir æra for dansegleda til instruktøren Candice Bredesen.

Tuva og Sara

DEI GRØNKLEDDE: Tuva Nyhammer Taklo og Sara Sandvik Arnestad fortel at danselæraren har vore ein stor inspirasjon.

Foto: Wibeke bruland / NRK

– Det gjekk veldig bra på scena! Dette var kjempe artig, seier Tuva Nyhammer Taklo.

Taklo har dansa sidan ho var seks og Sara Sandvik Arnestad byrja i femårsalderen. Dei har øva ei god stund, men dansen dei framførte kunne dei frå før.

– Vi kunne den veldig godt. Vi har gjort den som ei dansegruppe før, men så oppdaga vi kor stilig og synkront det blei når vi berre var to, seier Arnestad.

Danselæraren er inspirasjonskjelda

Jentene er elevar ved Eid ballettskule som er del av kulturskulen. Det var danselæraren, Candice Bredesen, som valde songen og koreograferte dansen dei framførte. Læraren har vore til stor inspirasjon.

Tuva og Sara

PÅ SCENA: Dansen var koreografert av danselæraren Candice Bredesen.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

– Det var då danselæraren vår Candice flytta til Eid og starta å instruere i dans at eg verkeleg byrja å elske dansing! Ho gjorde det artig, seier Arnestad.

– Det same gjeld meg, seier Taklo.

Jentene fortel at danselæraren opphavleg kjem frå England, men at ho har budd på Eid ei god stund.

– Før syntest eg dans var heilt greitt, no kan eg ikkje tenkje meg eit liv utan. Det er danselæraren vår som har løfta oss opp, seier Arnestad.

– Kvardagen hadde vore kjedeleg dersom eg ikkje hadde dansa, seier Taklo.

Vert glade av å danse

– Det er ei glede å vise fram kva du kan. Eg føler at eg seier noko gjennom dansen. Det er kjempe kjekt, seier Arnestad.

– Eg kunne ikkje ha tenkt meg å gjort noko anna. Livet hadde vore eit heilt anna utan, for no er det ein så stor del av det, svarar Taklo.

Men foreldra til 12-åringen er ingen store danseløver.

– Nei, mamma og pappa dansar ikkje slik som meg. Dei dansar kanskje litt gamaldans og sving, seier Taklo.

Det er viktig med rett kostyme

Tuva og Sara

DEI GRØNKLEDDE: Jentene trengde ei festleg kostyme til dansenummeret.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

– Kostyma fann vi på kostymelageret på Eid. Vi gjekk dit for å leite etter noko fargerikt. Så kom vi over dette. Det er ein stilig grønfarge også er det glitter. Det er viktig å stå litt ut, seier Arnestad.

Dei legg også til at ein kan ha på seg svarte klede, så lenge det står i stil med dansen.

– Men i ein morosam dans vert det feil å vere heilt svartkledd. Det er viktig å vise stemninga i dansen, seier Taklo.

– Kleda du har på kan vere med å framheve til dømes linjene i beina. Kva du har på deg er eigenleg ganske viktig, seier Arnestad.

– Du viser deg ikkje berre fram gjennom dansen, men også gjennom det du har på deg, svarar Taklo.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.