Hopp til innhold

Dansa natta lang

På laurdag feira dei nasjonaldagen på rumensk vis i Jølster.

Rumensk dans

RUMENSK NASJONALDAG: Feira med meir liv og røre enn nordmenn på 17. mai.

Foto: Oda Ruggesæter Ertesvåg / NRK

– Eg er imponert. Eg trudde ikkje at so mange skulle kome, seier Mirela Støfring.

Om lag femti rumenarar frå heile fylket samla seg i Eikås ungdomshus i Jølster laurdag for å feire den rumenske nasjonaldagen 1. desember.

Rumensk nasjonaldag Jølster
Foto: Oda Ruggesæter Ertesvåg / NRK

Støfring, i tradisjonell rumensk folkedrakt, stod bak den store feiringa, som vart arrangert for første gong.

Livleg feiring

Med litt meir liv og røre enn vi er vande med frå 17. mai, feira rumenarane med masse mat og ulike former for dans på Eikås.

Ninela Ilinca Anton

LIKNAR STOR BURSDAG: Ninela Ilinca Anton tykkjer det er kjekt å feire. Ho likar den rumenske maten veldig godt.

Foto: Oda Ruggesæter Ertesvåg / NRK

– Det er ikkje som jul, og er ikkje likt 17. mai. Det er ei feiring som står litt for seg sjølv, og kan likne litt på ein stor bursdag, seier Ninela Ilinca Anton (12) frå Førde.

Dette er hennar første feiring av nasjonaldagen i Jølster. Tolvåringen liker aller best å danse.

Og på ein rumensk nasjonaldag viser det seg verkeleg å vere mykje dans. Unge og gamle kastar seg ut på golvet, held kvarandre i hendene og dansar i ring. Song etter song.

Kjekk samling

Den rumenske nasjonaldagen er eigentleg 1. desember, men vart av praktiske omsyn feira laurdag.

Dagen er til minne om opprettinga av Stor-Romania i 1918, og har vorte feira sidan 1990.

Rumensk nasjonaldag Jølster

MIRELA I MIDTEN: Ho ordna ei stor feiring av den rumenske nasjonaldagen for rumenarane i fylket.

Foto: Oda Ruggesæter Ertesvåg / NRK

Det siste året har fleire tragiske hendingar gjort det ekstra vanskeleg for rumenarane å vere vekke heimanfrå. Mannen til arrangør Mirela Støfring trur det gjer feiringa ekstra viktig.

– Eg merka at engasjementet for Romania har auka etter diskotekbrannen i vår. Eg trur det har provosert fram interessa for å feire nasjonaldagen her i dag, seier Magne Støfring.