Hopp til innhold

Denne dansken sørga for danseforbod på 1. juledag heilt fram til 1995

Visste du at det heilt fram til 1995 ikkje var lov å danse offentleg på 1. juledag? Bak denne og diverse andre strenge reglar stod den pietistiske danske kongen Christian den sjette.

Christian 6 og dans

STRENG DANSKE: Kong Kristian 6. var ein streng konge. Hans reglar frå 1735, danna grunnlaget for norsk lov heilt fram til 1995. Mellom anna var offentleg dans forbode 1. juledag.

Foto: arkiv / NRK

For å forstå dette må vi skru tida heilt tilbake til 1735. Norge var eit lydrike under Danmark, og den sjuklege, men oppvakte kong Christian regjerte. Han innførte ei rekkje ulike «forordningar», og mange av desse har vore mønstergyldige heilt fram til vår tid.

Ikkje minst den strenge forordninga om heilagdagsfreden, og der var det inga kjære mor. På heilagdagane var det meste forbode, og desse reglane blei teke inn i «Lov om helligdagsfreden» som gjaldt frå 1965 og heilt til 1995.

I lova står det mellom anna klart og tydeleg at det ikkje var tillate å halde verken offentlege dansetilstellingar og andre ting som ein kunne forlyste seg med på dei heilagaste av heilagdagane. Mellom anna då 1. juledag.

Ikke tillatt å arrangere eller holde: (...) Forlystelser, herunder revy-, kabaret- og varietéforestillinger, tivoli, sirkus og dansetilstelninger

Lovdata.no

Måtte gå til kyrkje

– Eg hugsar jo sjølv frå min barndom og ungdom at 1. juledag var den stille dagen i jula. Då gjekk vi ikkje på besøk til nokon, og nokon fest var ikkje snakk om før 2. juledag.

Det seier museumslektor på Sogn folkemuseum, Anna Avdem. Ho er oppteken av juletradisjonar, og minner om at det slett ikkje er lenge sidan folk flest heldt seg heilt i ro på juledagen.

– Bortsett frå at folk gjekk til kyrkje. Det måtte ein gjere 1. juledag. Men noko selskap var slett ikkje noko tema den dagen, seier Avdem.

Anna Avdem på Sogn folkemuseum

GLAD I JULA: Museumslektor ved De Heibergske Samlinger – Sogn folkemuseum, Anna Avdem, gler seg over å formidle gamle juletradisjonar.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Så kom julefestane

Men frå 2. juledag var det meste lov, og det danna og grunnlaget for at den dagen kanskje er den største festdagen «ute på byn» over heile landet framleis.

– Vi må hugse på at julefeiringa vår er ein tradisjon tilbake til lenge før vi blei kristne, og i jula skulle det drikkast heimebryggja øl. Og 2. juledag starta ein med dei store festane. Også når eg var ung, så var jo «annandagsfestane» på ungdomshusa rundt om svært vanleg, seier Avdem.

Godt av å kjede oss litt?

Men sjølv om lova om helgefred blei sterkt liberalisert i 1995, så synest ho godt at folk kan ha godt av å ta det litt med ro den første juledagen.

– Verda har jo kome vidare, men vi har ikkje vondt av å kjede oss litt på 1. juledag, eg trur det berre er godt, seier Anna Avdem og smiler.