NRK Meny
Normal

Daniel har måla 64 busskur langs heile Sognefjorden

SOGNDAL (NRK): Daniel Longfellow var lei av slitne gamle busskur. Resultatet vart det han kallar verdas lengste samanhengande kunstutstilling.

Daniel Longfellow

FERDIG: Dette kunstverket var det siste av 64 busskur som Daniel Longfellow har dekorert langs Sognefjorden.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Eg håpar at dei nye busskura kan gjere dagen til folk betre, eg håpar at kunsten kan påverke korleis folk tenkjer, seier Longfellow.

Longfellow fekk ideen då han såg eit busskur på Kyrkjebø i Høyanger. Skuret var så stygt at amerikanaren fekk eit intenst behov for å gjere noko med det.

– Det var utruleg stygt, og utruleg kjedeleg. Eg fekk veldig lyst til å gjere noko med det, gjere det meir spennande. Eg ringde Vegvesenet, og det var då eg kom på tanken om å måle alle skura mellom Lavik og Sogndal.

Daniel Longfellow

MYKJE TID: Det har gått med mykje tid på dei 64 busskura, for det er mange detaljar som skal på plass.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Totalt er det tale om 64 busskur på ein strekning som går over 140 kilometer. Longfellow ville måle skur langs heile Sognefjorden, og vegen frå Høyanger og Sogndal har han køyrt mykje.

– Eg tenkte på born og familiar som står langs vegen og ventar på bussen. Kvifor ikkje gjere det meir interessant enn berre ein grå vegg med noko kjedeleg graffiti?

Fjordmonster langs Sognefjorden
Foto: Daniel Longfellow
Her kan du sjå eit utval av teikningane til Daniel Longfellow.

Har brukt fire år på prosjektet

Kunstnaren har fått lov av Vegvesenet til å måle alle busskura, og innkjøp av måling har han fått støtte til mellom anna frå Høyanger kommune.

– No håpar eg berre at folk skjønar kva eg har tenkt, og at dei likar resultatet like godt som eg gjer.

Men kva om folk ikkje likar det? Er det ikkje litt dominerande å berre køyre på og måle busskura som folk brukar, utan å spørje dei?

– Det har eg faktisk tenkt på. Eg får berre håpa at folk tykkjer dei har blitt finare, det er vel ikkje så mykje anna å gjere no, seier Longfellow.

Daniel Longfellow

NØGD: Daniel Longfellow er fornøgd med resultatet.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Til dagleg jobbar den utflytta amerikanaren som lektor på Høyanger vidaregåande skule, men han er utdanna grafikar og designar frå USA. Dette kunstprosjektet har teke mykje fritid og feriar dei siste fire åra.

–Det er veldig rart å vere ferdig, eg skjønar det ikkje heilt endå. No må eg kome på noko anna å drive med, kanskje eg skal finne meg eit endå større bygg ein stad som eg kan måle.

DANIEL HAR MÅLT 64 BUSSKUR

Vegopning på Bergum i Førde kommune