NRK Meny
Normal

Dette skal bli den nye samlingsstaden for friluftsaktivitetar i Sogndal

Sogndal Fjell- og Fjordsportsenter har søkt Sogn og Fjordane fylkeskommune om eit tilskot på tre millionar kroner for å utvikle Dampskipskaien i bygda til ein samlingsstad for reiseliv og aktivitetar.

Sogndal kai

SAMLINGSSTAD: Bygningen på kaien i Sogndal skal bli eit senter for både turistar og lokalbefolkning.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Dei to siste somrane har det vore kafédrift i kaibygningen. No er målet å gjere Dampskipskaien til ein naturleg samlingsplass heile året for lokalbefolkning, turistar og delar av næringslivet, seier prosjektleiar Sander Buene.

– Vi ynskjer å skape ein samlingsplass for nyskapande friluftsliv midt i Sogndal sentrum, der ein kan samle aktivitetsbedrifter, aktivitetar, turistar og lokalbefolkninga.

Ein slik samlingsstad er svært etterlengta, seier Buene.

– Dette er noko vi har ynskt dei siste åra. Sogndal har tradisjonelt vore mest ein sommardestinasjon. Men dei siste åra har vi hatt ein vanvittig vekst i vinteraktivitetar som toppturar på ski.

Sigrid Henjum og Sander Buene

ETTERLENGTA SAMLINGSSTAD: Sigrid Henjum og Sander Buene i Sogndal Lodge & Guiding er mellom dei som står bak planane, Buene er prosjektleiar.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

20 toppturguidar i sving same helga

– På ei heilt vanleg helg i vinter var det over 20 guidar i aktivitet med utgangspunkt i Sogndal. Gjestene utgjorde 240 overnattingsdøgn i Sogndal. Dette hadde vi ikkje for berre få år sidan, seier Buene.

Formelt er det Sogndal kommune som søkjer om tilskot sidan det er kommunen som eig bygningen på kaien. Buene seier at tilbakemeldingane frå kommuneleiinga har vore svært positive.

Men for å få til det må det gjerast mykje med bygningen, som i dag har vernestatus. Dette arbeidet er stipulert til vel 3,6 millionar kroner. Håpet er at fylkeskommunen kan hjelpe til med eit tilskot på tre millionar kroner.

Base for aktivitetar

Planen er at det skal vere turistinformasjon i kaibygningen, i tillegg skal den vere base for ulike aktivitetar både sommar og vinter, det skal vere møtelokale, kafé/pub, avdeling for internasjonalt gründernettverk, og det skal vere seks til sju kontorplassar til utleige.

Sogndal Fjell- og Fjordsportsenter vart stifta no i haust. Bak selskapet står Bratt Moro, Sogndal Lodge & Guiding, SGN SKIS, Idrettssenteret, Sogndal Fotball, Sogndal Dykkarklubb, Hillbilly MTB, Sogndal Skisenter, Bre og Fjell, Norgesguidene, Falkeblikk, Sogndal Idrettslag Klatregruppa og Fjordens Rute.

– Tilskot heilt avgjerande

Men skal det bli noko av planane må Sogndal Fjell- og Fjordsportsenter få økonomisk hjelp, og då er det heilt avgjerande å få tilskot, seier Sander Buene.

– Vi er 13 ulike bedrifter som eig selskapet, og det er ingen av oss som er særleg kapitalsterke. Vi må gjere mykje med huset, og får vi ikkje tilskot blir det ikkje noko av planane, enkelt og greitt.

Buene og resten av folka bak planane for Dampskipskaien er fullt klare over at tidene ikkje er dei beste for fylkeskommunen reint økonomisk, men håpar likevel på hjelp.

– Vi må berre jobbe på og få til det vi ynskjer, så blir det nok bra til slutt.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.