Hopp til innhold

Damer med strikkedilla

Når kjøpesenteret stenger, blir sybutikken fylt av strikkeglade damer.

Når kjøpesenteret stenger, blir sybutikken fylt av strikkeglade damer.

SJÅ VIDEO: Bli med inn på strikkekafeen i Førde. Foto/redigering: Alf Vidar Snæland

Strikkeklubben i Førde

LAGA KAFE: Initiativtakar Tone Øvrebø (t.v.) og butikkinnehavar Sari Koskinen.

Foto: Alf Vidar Snæland
Strikkeklubben i Førde

HANDARBEID: Brukskunst i alle fargar tek form rundt kafebordet i butikken.

Foto: Alf Vidar Snæland
Strikkeklubben i Førde

ETTER STENGETID: Det er kveld på Elvegården, men gitteret på gløtt fortel om at damene på strikkekafeen er samla.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Strikking har tatt seg veldig opp dei siste åra. Strikking, hekling, alt som har med handarbeid å gjere. Folk har funne ut at det å strikke sjølv, er kjempeartig, seier Sari Koskinen som er innehavar av sybutikken Sting for sting.

Når kundane forlèt Elvegården i Førde og metallgittera framfor butikkane blir senka, er det ein kveld i veka eitt gitter som blir ståande på gløtt. I Koskinen sin sybutikken blir lokalet omgjort til kafe.

Damene rundt bordet har først og fremst éin ting til felles: Strikking.

– Det er kjempeartig å halde på med. Ein hobby, rett og slett, seier Tone Øvrebø.

Ho er initiativtakar til strikkekaféen og var den som spurde Koskinen om lov til å bruke butikklokalet som samlingsstad.

– Når vi er på strikkekafe blir det mest tyting. Sosialt samvær og det å treffast er det som er viktig, fortel Øvrebø.

– Det er utruleg avslappande. Setje seg ned med strikketøy i hendene og la tankane flyte av garde, ler Koskinen

Sjå meir i videoreportasjen øvst i artikkelen.