Hopp til innhold

Damer med kort hår må betale meir enn korthåra menn

FØRDE (NRK): Fleire frisørar meiner det er naudsynt å ta ulik pris for menn og kvinner, trass i at det bryt likestillingslova. Gjennomsnittsforskjellen i grunnpris hjå 11 frisørar NRK har snakka med er 86 kroner.

Inge Rygg klipper ein av sine faste kunder

NAUDSYNT PRISFORSKJELL. Inge Rygg er i gang med ein av dagens kundar. Han meiner ein prisforskjell er heilt naudsynt i frisøryrket.

Foto: Kathrine Nygård / NRK

Når frisørar tek inn timebestillingar er det vanleg å automatisk gi kvinner dameklipp og menn herreklipp. Prisforskjellane for menn og kvinner har vore mykje omdiskutert, men framleis er det store forskjellar.

– Vi kan ikkje lage prisar frå minutt til minutt heller, seier Inge Rygg, dagleg leiar for ein frisørsalong i Førde.

Han seier at ein prisforskjell er naudsynt i frisørbransjen.

– Stort sett klipper du menn på halvparten av tida du bruker på damer. Det er mykje fleire detaljar i ein dameklipp, fortel han.

Varierer frå 30 til 135 kroner

NRK har sjekka med 11 frisørar i Sogn og Fjordane og grunnprisforskjellen på herreklipp og dameklipp varierer frå 30 kroner til 135 kroner. Rygg meiner ein kjønnsnøytral klippepris ville blitt vanskeleg.

– Det kan ikkje bli kjønnsnøytralt når ein ikkje brukar same tid på kundane, fortel Rygg.

Sjølv om frisørane kan justere pris i forhold til for eksempel vask og maskinbruk, er det i dei 11 frisørsalongane i Sogn og Fjordane vanleg praksis at damer med kort hår betalar grunnprisen på dameklipp, sjølv om håret deira er ein typisk «herreklipp».

Prisforskjellane framleis store.

SKULDAR PÅ HISTORIA. Å ta meir betalt for klippen fordi håret sit på eit damehovud er historisk betinga, trur president i Norske Frisør- og Velværebedrifter, Edel Teige.

Foto: Kathrine Nygård / NRK

Historisk betinga

Norske Frisør- og Velværebedrifter er ein medlemsorganisasjon der 1440 frisørsalongar er medlemmar. President Edel Teige skuldar på historia for forskjellsbehandlinga.

– Det har vore oppe til vurdering at det er diskriminerande å ha forskjellige prisar for damer og herrar. Eg trur dette er historisk betinga og at ein kjem til å endre dette undervegs som samfunnet utviklar seg.

Ho legg og til at frisørbransjen allereie har byrja å endre seg, men at det framleis er ein lang veg å gå.

VANLEG SYN. Det er vanleg å dele prisane inn i herreklipp og dameklipp.

VANLEG SYN. Det er vanleg å dele inn prisar i herreklipp og dameklipp, trass eit mangfald av hårsveisar. Biletet er tatt hjå Nikita Hair i Førde.

Foto: Kathrine Nygård / NRK

Malin Bergseth er til vanleg frisørkunde i Høyanger og fortel at ho synest det er merkeleg å ta forskjellige prisar, når frisyrene ofte ser like ut.

– Det burde ikkje vere forskjell. Mange damer har kort hår og difor burde det heller ikkje vere forskjell i pris. Det blir for dumt, avsluttar ho oppgitt.

Dagleg leiar Inge Rygg meiner det er meir diskusjon når damer skal klippe seg og at dette er grunnen til at det eksisterer ein prisforskjell i bransjen.

– Sånn har det vore så lenge eg har vore frisør, i snart 50 år.

Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO) hadde ikkje tid til å uttale seg, men til Dagbladet laurdag 26. januar 2013 kunne LDO fortelje at dei meiner at frisørprisane er eit strukturelt problem, som dei kjenner igjen i mange diskrimineringssaker og som Likestillingsutvalet har dokumentert.

LDO bekreftar til NRK at dei framleis meiner det same.

Frisørprisane er eit symptom på eit strukturelt problem, som eg kjenner igjen i veldig mange diskrimineringssaker, og som også Likestillingsutvalget har dokumentert. “Det er greit, fordi det alltid har vore sånn.”

Likestillings- og diskrimineringsombodet til Dagbladet 26. januar 2013