Damene susar inn i trenaryrket: – «Heimebane» har vore viktig

SOGNDAL (NRK): Aldri før har så mange damer gått på fotballtrenarkurs som i 2018. TV-serien «Heimebane» kan ha hatt ein effekt. Siri Nesheim (21) frå Høyanger siktar mot landslaget.

Siri Nesheim

DRØYMER OM LANDSLAGET: Siri Nesheim drøymer om å trena damelandslaget i fotball i framtida.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det å vera fotballtrenar har alltid vore noko menn driv med. Eg trur det er veldig mange damer som ikkje eingong har tenkt på at det også går an å vera dame i det miljøet, seier Nesheim.

Ho har nyleg fått jobben som fysisk trenar for Sogndal sitt andrelag i 3. divisjon. Det er første gong ho tek ansvar på eit herrelag.

Sogn Avis skreiv om Nesheim først.

– Eg har fått utelukkande positiv respons. Det har teke litt av. Det er veldig kjekt at eg blir godt motteke.

Målet er å trena damelandslaget ein gong i framtida. I fjor tok ho trenarkurs i regi av Sogn og Fjordane fotballkrins. Stadig fleire damer gjer som Nesheim.

Ein fjerdedel damer

I 2018 var 414 personar innom ein eller fleire delar av grasrotkurset til Sogn og Fjordane fotballkrins. 109 av dei, over 25 prosent, var damer.

Marius Lenni Bøe

TRENARANSVAR I KRINSEN: Marius Lenni Bøe jobbar i Sogn og Fjordane fotballkrins.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det er eit veldig godt løft frå åra tidlegare. I 2019 må me prøva å få dobbelt så mange damer på kurs, seier Marius Lenni Bøe, trenarutviklar i Sogn og Fjordane fotballkrins.

Til samanlikning var det 162 deltakarar i 2017, då var det 23 damer, eller 14 prosent.

Krinsen arrangerte også eit trenarkurs berre for damer.

– Me fekk tilbakemeldingar om at nokon opplevde terskelen litt høg for damer å melda seg på kurs der det stort sett var menn, seier Bøe.

Marius Bøe og Siri Nesheim
Foto: Sondre Dalaker / NRK

«Heimebane-effekt»

TV-serien «Heimebane» gjekk sin sigersgang i fjor vår. I serien tek fotballtrenar Helena Mikkelsen over jobben som hovudtrenar for det fiktive, herre-eliteserielaget Varg IL. Debatten om damer i herrefotballen tok fyr det året.

Dan Eggen

OVERBEVIST: Tidlegare landslagsspelar i fotball, no leiar for trenarutdanninga i fotballforbundet, Dan Eggen, er overbevist om at TV-serien «Heimebane» har hatt ein positiv effekt på andel kvinnelege fotballtrenarar.

Foto: NFF

– Eg er overbevist om at den har bidratt positivt til å motivere kvinner inn i trenaryrket, seier Dan Eggen, leiar for trenarutdanninga i fotballforbundet.

Forbundet har dei siste åra jobba mykje for å rekruttere og oppfordre fleire jenter – både til å trene og spele fotball.

– Det er ikkje til å stikke under stol at vi har hatt eit problem med å rekruttere jenter, og det er fleire grunnar til det. Men vi har ein god trend no.

– Få dei på kurs

Marius Lenni Bøe trur også me vil sjå fleire kvinnetrenarar i åra som kjem, både for dame- og herrelag.

– Alle klubbar vil først og fremst ha flinke folk med kompetanse. Damer er vel så flinke som oss mannfolk. Få dei på kurs og få dei på feltet, og så vil klubbane få auga opp for dei, seier Bøe.

Nesheim ser fram til å starta sesongen, men trur ikkje me får sjå ei dame trena eit eliteserielag for herrar med det første.

– Eg trur ikkje me er komne så langt i fotballnorge som i «Heimebane», men kanskje 10–15 år fram i tid så er me der, seier ho.