Av
For Sogn og Fjordane Venstre bad tidlegare samferdsleminister skyve fram strekninga Olden-Innvik i statsbudsjettframlegget til Bondevikregjeringa.
Dette kan få følgjer for Dalsfjordbrua, og det er folk i HAFS-området lite glade for. Ordførar i Fjaler, Arve Helle, håpar den nye regjeringa prioriterer annleis.
Fylkesleiar Rolf Nesheim i Venstre har vore i kontakt med tidlegare samferdsleminister Torild Skogsholm. Målet var å få framskunda vegløyvingar på riksveg 60 mellom Olden og Innvik. Innsatsen hans ser ut til å gi utteljing. I framlegget til statsbudjett frå regjeringa Bondevik er vegstrekninga i tillegg omtala som ei utbetring.
Slike tekstlege føringar i eit statsbudsjett blir normalt sett på som svært viktige for å kunne argumentere fram prosjekt i seinare rundar, skriv Firda. Men denne teksten har ikkje Nesheim kjennskap til.
Dersom den tekstlege føringa gjev utslag i omprioritering, kan dalsfjordingane takke Nesheim for at den mykje omtalte Dalsfjordbrua kanskje blir skubba ut i tid. Men sjølv nektar Nesheim for å ha undergrave Dalsfjordbrua.