Det er avisa Fjordingen i Stryn som skriv dette. Tidlegare har regionvegsjef Ole Chr. Torpp åtvara mot å setje i gang både Bremangersambandet og Dalsfjordbrua. Han meiner at det vil føre til for store bindingar inn i perioden 2010-2013.
No får han altså medhald av direktoratet og departementet.
Får ikkje omprioritere
Fjordingen skriv at departementet ikkje vil vere med på å omprioritere 10 millionar kroner frå riksveg 57 til startløyving av Dalsfjordbrua i 2009.
Likar det ikkje
Fylkesordførar Nils R. Sandal er ikkje særleg nøgd med at Staten overstyrer lokalpolitikarane når det gjeld bygginga av Dalsfjordbrua. Fylkestinget har lagt opp til anleggsstart på fullføring av Bremangersambandet i 2008/2009, eit prosjekt som vil koste 250 millionar kroner. Samtidig vil dei setje i gang Dalsfjordbrua i 2009. Det prosjektet kostar omlag 600 millionar kroner. Dette blir alt for mykje på kort tid, meiner altså vegstyresmaktene.