Utdrag frå Elle
Det franske bladet Elle, med eit opplag på 214.000, presenterer eggebrettet Mouilette frå Dale no i juni. Eit viktig steg på vegen inn i franske heimar, for trebrettet til Ralston&Bau er alt på plass i designbutikkar i Paris. For det svensk-franske paret kan den gryande suksessen fort vekse seg større.
Birgitta Ralston seier dette er eit viktig steg inn på den franske marknaden. Dei må no jobbe vidare med oppfølgjarprodukt. Blir ein populær i Frankrike er det mykje lettare å få innpass i andre landa i Europa etterpå, seier Ralston.
Produsert ved verna bedrift
Treprodukta frå Dale blir for tida oppdaga også her heime. Både Norsk Form og Norsk senter for design og arkitektur viser interesse. Samtidig tek designarane i bruk nye lokale og etablerer idefabrikk i Dale. Ralston, som valde Sunnfjord framfor travle Paris, er nøgd med at det dei skapar i ei lita vestlandsbygd, når ut til Europa.
Og treprodukta signert Ralston&Bau blir produserte ved den verna bedrifta Vevang Produksjon i Dale.