Hopp til innhold

Dale-bedrift ut i Europa

Elis AS i Dale går saman med to andre selskap om å opprette eit nytt selskap - Enoro.

Elis i Dale.

NYTT NAMN: Det kjem ein ny logo på den tidlegare skofabrikken i Dale. Elis blir bytt ut med Enoro.

Foto: Oddmund Haugen

Det nye selskapet blir eit leiande programvareselskap for den nordiske og europeiske energibransjen. Enoro får over 300 tilsette ved i alt 12 kontor. Av desse har Elis 70 tilsette.

Elis AS har fusjonert med det finske selskapet Process Vision og Popkorn, som vart etablert på Hamar i 2005.

– Udramatisk hamskifte

Edgeir Aksnes, som til no har vore administrerande direktør i Elis AS, blir no områdesjef i Enoro. Han seier fusjonen eigentleg skjedde i 2011.

– Det som skjer no er eigentleg eit udramatisk hamskifte. Vi forenklar korleis vi framstår i marknaden, til no har vi vore tre ulike selskap. No får vi eitt felles namn.

– Men Elis er eit godt innarbeidd namn iallfall her i Sogn og Fjordane. Det er ikkje uheldig å skifte det ut då?

– Det er nokre kostnader og minussider ved å skifte namn, og det vil ta litt tid å innarbeide det nye namnet, men det trur eg vi skal klare.

Treng stadig fleire i Dale

Aksnes seier at satsinga ut i Norden og Europa blir styrka. For avdelinga i Dale betyr ikkje satsinga noko anna enn at talet på tilsette truleg kjem til å auke vidare.

– No kjem vi til å gå ut med nye rekrutteringsrundar, så vi kjem til å satse på Dale framover. Folk i Dale kjem til å leie arbeidet med å eksportere produkta våre til Sverige, Danmark og kanskje andre land.

Åge Lønning blir administrerande direktør i Enoro.