Hopp til innhold

Sogndal har selt Erik Dahlin til Trollhättan

Sogndal Fotball og FC Trollhättan har i dag vorte samde om ein overgang for den svenske keeperen Erik Dahlin.

Erik Dahlin

DREG TIL SVERIGE: Erik Dahlin dreg til Sverige så snart overgangsvindauget opnar.

Foto: Rune Sjøberg/Sogndal Fotball

25-åringen går over til Trollhättan så snart det norske overgangsvindauget opnar 15. juli, skriv sogndalfotball.no.

– Då denne moglegheita opna seg for Erik, så beslutta vi i fellesskap at han skulle få sjansen til å halde fram si vidare karriere i heimlandet sitt Sverige, seier sportsleg leiar i Sogndal, Håvard Flo.

Vart henta i 2012

Svenske Dahlin kom til Sogndal i desember 2012 då han signerte ei treårs-kontrakt med klubben og tok over mellom stengene etter Kenneth Udjus.

Dahlin kom då frå IFK Göteborg, som også var den tidlegare arbeidsgjevaren til noverande Sogndal-trenar Jonas Olsson.

Dahlin vert dermed løyst frå kontrakten nær halvanna år før den går ut.

Svensken er tredje keeperblad Dahlin, med Stefan «Tarzan» Dahlin som far og Malmö-keeper Johan Dahlin som eldre bror. Erik Dahlin starta karrieren i Trollhättans FK som midtstoppar, men vart etterkvart omskolert til keeper. I 2005 flytta han til IFK Göteborg.

Han var også utlånt til 1. divisjonsklubben Västra Frölunda og moderklubben Trollhättan i Superettan.