Hopp til innhold

Dagsturhytter skal få folk ut i naturen

GLOPPEN (NRK): Med korte avstandar og koselege hytter håpar initiativtakarane at dagsturhytter skal bli ein slager i heile Sogn og Fjordane. No har den første opna i Gloppen.

Dagsturhytta i Gloppen

LIGG FINT TIL: Frå den nye dagsturhytta i Gloppen har ein fin utsikt ned til Sandane.

Foto: Borghild Andersdotter Vevle / NRK

– Det er eigentleg ei veldig lita hytte, men ho er forma slik at det er rom til at mange kan vere her samstundes, seier Atle Skrede.

Han jobbar i fylkeskommunen, og er initiativtakar og primus motor for det store dagstytteprosjektet.

– Tanken er at det skal vere hytter som nesten alle kan bruke. Vi er oppteken av at det skal vere kort veg fram til hyttene, og at ein skal få mykje ut av å vere her, seier Skrede.

Nynorsk fjellbibliotek på dagsturhytta i Gloppen

FJELLBIBLIOTEK: På dagsturhytta i Gloppen finn ein mange slags bøker å lese i.

Foto: Borghild Andersdotter Vevle / NRK

Då den første dagsturhytta opna i liene over Sandane i Gloppen fredag vart ho den første i sitt slag, men etter kvart skal det kome slike hytter i alle kommunane i Sogn og Fjordane. Prinsippet er det same overalt, og målet er å få folk ut i naturen.

På opninga i Gloppen var det mange frammøtte. Bygdefolk, skuleungar og bluesbandet Good Time Charlie frå Førde klarte å halde humøret oppe i striregnet.

Opninga av dagsturhytta i Gloppen

UNGAR OG BAND: På dagsturhytta i Gloppen var det mange som hadde møtt fram for opninga av den første hytta i sitt slag.

Foto: Borghild Andersdotter Vevle / NRK

Turbibliotek for å fremje nynorsken

Sjølv om hyttene er små, ligg det mykje tanke bak tilbodet som skal møte folk når dei kjem fram. Skrede fortel at dei har tenkt nøye gjennom plassering av mellom anna ei scene og eit amfi. Inne i sjølve hytta ventar det også noko spennande.

– Hytte vil bli utstyrt med eit nynorsk turbibliotek. Her vil det vere alle slags bøker, men kanskje mest for born og unge. Då fremjar vi nynorsken, også kan folk kose seg med ei bok når dei er på tur.

Surt og kaldt, men fylkesordføraren var fornøgd

Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) var til stades under opninga av den første dagsturhytta. Sjølv om det var surt og kaldt desembervêr i Gloppen, var ho i strålande godt humør.

– Dette blir jo eit fantastisk prosjekt! Desse hyttene skal vere sentrumsnære, så her kan folk gå opp med ungane, dei kan sitje å lese, dette blir heilt fantastisk, seier ein entusiastisk Jenny Følling

Jenny Følling på dagsturhytta i Gloppen

SURT OG KALDT: Det var ganske vått på dagsturhytteopninga i Gloppen, her er fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling.

Foto: Borghild Andersdotter Vevle / NRK

Noko av det som engasjerer ho mest med prosjektet, er at det skal ha ein låg terskel. Det skal vere hytter som kan verte nytta av mange forskjellige folk, trur ho.

– Kanskje kan dei aller sprekaste springe heilt på toppen, så kan andre berre gje seg her på hytta, og det som eit mål.