Hopp til innhold

Dagen ein heil nasjon stod på hovudet

STRYN (NRK): – Stemninga kan ikkje samanliknast med noko som har skjedd verken før eller etter, seier Jens Isehaug. 20 år er gått sidan «Mirakelet i Marseille».

Johans pub i Stryn, fest 1998 etter at Norge slo Brasil i VM

TOK AV: På Johan's pub i Stryn var stemninga i taket då Noreg scora 2–1 målet og sikra sigeren mot Brasil

Foto: Jørn Lien / Firda

Tysdag 23. juni, 1998: Jens Isehaug sit med ryggen til fjernsynet. Han klarar ikkje sjå på. Det er trass alt tre sambygdingar som er i ferd med å skrive idrettshistorie, om berre han romsdalingen set straffa i mål.

Kjetil Rekdal er iskald.

– Det var ein ellevill jubel. Folk sat og klemte rundt folk dei aldri hadde møtt før. Plutseleg var alle kompisar.

Send oss dine bilder i frå feiringa!

Dansa nakne i fontena

Dette var kvelden då jonsokbåla brann tidleg ned og kotelettane vart etne så snart dei kom av grillen. Alle måtte i hus før klokka 21, for då skulle Noreg etter alle solemerke bli knust av fotballstormakta Brasil.

– Det var berre dei galnaste som trudde at dette skulle gå bra, seier Isehaug.

Jens Isehaug eig og driv Isehaug kafeteria i Stryn. 52-åringen er over snittet fotballinteressert og på 90-talet reiste han land og strand for å følgje det norske landslaget i VM- og EM-kvalifisering.

Ein del av grunnen var alle stryningane på laget. Først Jostein Flo, så seinare veslebror Tore André og fetter Håvard Flo. I tillegg var Frode Grodås frå Hornindal, dryge to mil frå Stryn, med på laget.

– Folk følte ein enorm stoltheit. At fire stykk frå eit så lite område var med, var spesielt, seier Isehaug.

Han hadde stinn brakk denne junikvelden og huskar kampen som om det var i går. Også nedturen då Bebeto sende brasilianarane i leiinga.

– Då fekk stemninga seg ein knekk, men så kom Jostein innpå. Då steig forventningane, seier Isehaug.

Sjå video frå folkefesten i Oslo etter sigeren mot Brasil

Og ikkje utan grunn. Først scora Tore André Flo 1–1 målet, før same mann vart lagt i bakken og fekk straffe få minutt før slutt.

– Halvparten sat med ryggen til, meg sjølv inkludert, fortel Isehaug.

Ein honndøl på femte rad

Fotballstadionet Stade Vélodrome tek 60.000 publikumarar. På femte rad denne tysdagskvelden sat Harald Vartdal frå Hornindal. Der fekk han sjå guten han hadde kjent sidan han var tre år gammal gå på bana som landslagskaptein.

– Det var uverkeleg. Der kom han Frode gåande først, med laget sitt, i lag med verdas beste fotballspelarar. Vi snakkar Brasil! Det er nesten ein slik ut av kroppen kjensle.

At Drille byta inn Jostein Flo kallar Vartdal, journalist og fotballelskar, eit genitrekk.

– Vi vann duellane og fekk til etablert angrep. Utan Jostein så hadde aldri Noreg klart det, det har eg alltid sagt, seier Vartdal.

Og då mange snudde ryggen til tv-skjermen heime i Noreg, stod Vartdal med auga retta mot mål då Rekdal gjekk fram til straffemerket.

– Eg hadde sett Rekdal score eit viktig mål på Wembley tidlegare. Er det noko han kan, så er det å få kontroll over nervane.

Vartdal hadde følgt Grodås og alle Flo-karane tett frå dei var smågutar i heimbygda. Å sjå dei alle på Stade Vélodrome var ei svært spesiell oppleving.

Norge-Brasil 1998, fest i Oslo

FOLKEFEST: Titusenvis festa i hovudstaden sine gater etter VM-sigeren over Brasil.

Foto: Knut Fjeldstad / NTB scanpix

– I 1998 var det færre enn 8000 innbyggjarar i Hornindal og Stryn til saman. Og så hadde vi med fire spelarar som alle, ikkje berre spelar, men bidreg sterkt til tidenes triumf. Eg forstår det nesten ikkje. Det er så du kan vakne midt på natta og lure på om du har drøymt det, no 20 år etterpå. Det er ubeskriveleg!

Eg veit ikkje kva tid eg landa, men det var i alle fall mange, mange dagar etter at eg landa på Gardermoen, ler Vartdal.

Gjekk tom for ølglas

Tilbake på puben har stryningane sett den amerikanske dommaren blåse i fløyta for full tid. Noreg hadde slått Brasil og tatt seg vidare i VM. Derifrå var det lite som minna om ein vanleg tysdag kveld med ein arbeidsdag i vente.

– Alle som kunne krype og gå i Stryn kom ut. Det var folk i alle aldrar, lensmann og prest, folk bada i fontena på torget. At det var ein tysdagskveld spelte inga rolle, fortel Isehaug.

Jens Isehaug, eigar Isehaug kro i Stryn, også under VM Norge Brasil i 1998

STINN BRAKKE: Alle som kunne krype og gå kom til Jens Isehaug sin pub i sentrum av Stryn etter at den usannsynlege sigeren var eit faktum.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

På nabopuben stengde dei heile serveringa og hengde opp ein lapp med at det var stengt på grunn av glede. På Isehaug pub fekk uvande utfordringar utover kvelden og natta.

– Vi gjekk tomme for ølglas. Så vi måtte servere i kaffikoppar og vaska tomflasker som vi serverte øl i, seier Isehaug lattermildt.

I Oslo strøyma titusenvis av folk ut i gatene, det same i andre store norske byar. Men ekstra spesielt vart det for den vesle bygda Stryn.

– Det eg hugsar best er den ekstreme gleda folk viste og korleis fotballen samla folk. Folk som vanlegvis aldri går utom ei dør var ute den dagen og feira som om det var dei som hadde vunne kampen. Folk var enormt stolte av å vera frå Stryn, seier Isehaug.

Fekk hagen full i folk

I eit byggefelt ovanfor Stryn sentrum sat familien Flo samla og såg kampen. 20 år etter fortel mor til Jostein og Tore André Flo om korleis ho opplevde dramaet.

– Vi trudde det var tapt då Brasil tok leiinga, men så scora Tore André og så fekk dei straffe. Då måtte eg ut på gangen. Eg klarte ikkje å sjå på. Men eg gjekk inn att før straffa vart tatt, minnest Torlaug Flo.

Og medan dei fleste andre i bygda og resten av landet var ute å festa, planla familien Flo ein roleg kveld heime. Men så ringde det på døra.

– Der stod TV 2 med eit kamera. Og ute hadde alle naboane samla seg. Dei hengde opp flagg og kom med blomar på døra. Ein skulle jo nesten tru at det var vi som hadde spelt, seier Flo.

I dagane etter og fram mot åttandedelsfinalen var Stryn og heile Noreg i gledesrus. For familien Flo vart merksemda så stor at dei reiste til fjells for å få ro. Journalistar frå mellom anna Sverige og Tyskland kom til Stryn for å laga saker på «Flo-bygda».

VM-eventyret fekk ein ende med 1–0 tapet mot Italia, men minna frå junikvelden i 1998 sitt friskt hos alle som såg kampen.

– Tore André har fått to barn som har bursdag 23. juni, så det vert jo ei markering av det, seier Torlaug Flo.

9. juni spelte Noreg og Brasil omkamp på Ullevaal, 20 år etter kampen i VM. Det vart langt frå ei fartsfylt førestilling og brasilianarane fekk sin revansje med ein 3–0-siger.

Fotballfeber i Stryn. Sjå innslaget frå 1998.

Laster innhold, vennligst vent..