Hopp til innhold

Dagen då Ruben forsvann

Sonen til Janne Haugstad kom aldri heim igjen. For ti år sidan tok han livet sitt.

Janne Haugstad

SORGA SOM ALLTID ER DER: For ti år sidan mista Janne Haugstad sonen sin i sjølvmord.

Foto: TONE MERETE LILLESVANGSTU / NRK

10. september 2007: Ruben Bjørvik set seg på sykkelen. Seier ikkje noko om kor han skal. Han vil ha fred frå verda.

Sonen til Haugstad hadde budd heime med ho i Askvoll ei stund. Han hadde mista lappen og jobben sin. Ruben var frustrert og lei seg, og sa han tenkte på å ta livet sitt.

– Den dagen han forsvann kopla eg inn både sosialkontoret og politiet med ein gong. Vi leita heile dagen. Eg ringde telefonen til Ruben, men fekk aldri svar, seier Haugstad.

Eitt døgn gjekk utan livsteikn frå den unge mannen, men så fann nokon ein sko i skogen.

– Då tenkte eg at han var i live.

– Tenn lys til minne

10. september er verdsdagen for sjølvmordsførebygging. Det vert markert over heile verda.

– Bruk dagen til å tenne lys til minne om dei vi har mista, til dei etterlatne og dei som har livsutfordringar, seier styreleiar i Landsforeningen for etterlatne ved sjølvmord (LEVE) i Sogn og Fjordane, Nils-Petter Hauge.

Mellom 500 og 600 menneskje tar sitt eige liv i løpet av eitt år i Noreg. Det er fire gonger meir enn kor mange som døyr i trafikken. Medan ein med bevisst satsing har fått talet på trafikkdrepne ned, ser ein ikkje nedgang i talet på sjølvmord.

– Vi må snakke om at livet er vanskeleg, men at ein ikkje må velje ei løysing som er uendeleg på problem som er forbigåande, seier Hauge.

Nils-Petter Hauge

SNAKK OM SJØLVMORD: Nils-Petter Hauge i LEVE Sogn og Fjordane har jobba med temaet sjølvmord i 20 år.

Foto: TONE MERETE LILLESVANGSTU / NRK

Lensmannen og legen stod på døra

Nokre døgn etter at Ruben forsvann på sykkelen ringde det på døra til Janne Haugstad. Der stod lensmannen og legen. Dei hadde funne ein død person i skogen. Det var Ruben.

Ruben Bjørsvik

TI ÅR SIDAN: 10. september 2007 tok Ruben Bjørvik livet sitt.

Foto: PRIVAT

Verda raste saman for familien. Alt var ein botnlaus og svart tomheit. Sonen ho var så inderleg glad i såg ikkje noko anna utveg. Ho mista ein son. Tre søsken mista ein bror.

– Den første tida hadde eg problem med å forstå det. Ein lurer på korleis ein skal overleve sjølv.

10 år har gått sidan Ruben tok sitt eige liv. Haugstad har forsona seg med det som skjedde, men sorga blir aldri ein knapp ein berre kan skru av og på.

– Eg saknar han sårt. Smerten vil eg alltid kjenne på, men ein må berre leve med det, seier ho.

Kvar gong eit ukjend nummer ringer, eller ein ukjend bil står på tunet, trur Haugstad det verste. Då verkar det vonde arret i sjela ekstra mykje. Ho har ein innstendig oppmoding.

– Når livet går mot deg er det vanskeleg å tenke at det kjem betre dagar, men det blir betre. Det finst håp, seier Haugstad.