NRK Meny

Dagbøter aukar for entreprenør

1. desember aukar dagbøtene for entreprenøren VVB Enginering i Høyangertunnelen til over det dobblte, melder Firda. Frå 20.000 kroner i bøter, vil prisen auke til 50.000 kroner. Den engelske entreprenøren har ikkje sluttført elektroarbeid i samband med oppgraderinga av Høyangertunnelen. Eit arbeid som skulle vore ferdig i september. Firda har ikkje lukkast å få ein kommentar frå entreprenøren.

Høyangertunnelen
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK