Hopp til innhold

Dag Moen er død

Dag Moen, hotellsjef og eigar av Gloppen Hotell på Sandane, er død. Han døydde brått natt til skjærtorsdag.

Dag Moen har saman med kona drive Gloppen Hotell sidan 1994. I denne tida har ekteparet pussa opp hotellet og bygt på ein ny fløy. Ei viktig satsing for hotellet under Moen si styring har vore satsinga på lokal, kortreist mat, noko hotellet i dag er vide kjent for.

Då dødsfallet vart kjent utpå skjærtorsdag, la dei tilsette ut følgjande melding på hotellet si Facebook-side: «Vi er så lei oss for å melde at vår kjære glade hotellsjef og eigar, Dag Moen har uventa gått bort i natt. Familien og alle vi som jobbar her helsar og er så takknemlige for tida vi har hatt i lag. Dag har vore eit evig solskinn og oppkomme av energi og gode idear. Tusen takk for alt!»

Samstundes melder hotellet at kveldens påskeblues går ut. Det same gjer påskedansen på laurdag.