Hopp til innhold

Dag Andre (30) på landslaget

I ein alder av 30 år er styrkeløftaren Dag Andre Mo (Sogndal) klar for landslaget i benkpress.

Dag Andre Mo

Dag Andre Mo jobbar til dagleg som personleg trenar på Idrettssenteret i Sogndal.

Foto: Idrettssenteret

- Det er aldri for seint. Berre ein står på nok, så går det. Det er eg eit bevis på, ler den 30 år gamle landslagsdebutanten.

Hadde håp

Før helga fekk Dag Andre Mo meldinga han hadde håpa på; at han var teken ut på landslaget i benkpress. Sølv i NM benkpress i mars og Norgesrekord i benkpress med 261 kilo i juni, gjorde susen.

- Slik eg har løfta den siste tida, så hadde eg håp om å klare ein plass på landslaget. Men eg har ikkje fått noko hint om at eg var inkludert før eg såg det på internett, seier systrendingen.

Betre oppfølging

Mo har i mange år drive med styrketrening, men det er først dei siste fire åra han har satsa skikkeleg. For halvanna år sidan opererte han eine skuldra si. Først no er han attende for fullt.

Den råsterke sogningen har til gode å bli norgesmeister, men sette både i 2008 og 2010 norgesrekord i benkpress.

- Den store skilnaden no er at eg får dekka reise og opphald til meisterskap, og sjølvsagt betre oppfølging frå landslagsleiinga, seier han nøgd.

Debuterer i EM

I august tek han turen til Slovakia og EM i benkpress i Bratislava. Meisterskapen, som blir arrangert mellom 12. og 14. august, blir hans internasjonale debut. Målet er ein plass mellom dei fem beste, men Mo skimtar medalje i det fjerne.

- Eg såg på lista over påmelde løftarar i klassa mi. Der var eg seeda som nummer fire. Det er ei tett klasse, men løftar eg opp mot 270 kilo, så trur eg på medalje, seier han.

- Eg har vore i nærleiken før, så får eg ei god oppkøyring no og prikkar inn forma så er medaljen innan rekkevidde, seier han.

Lagkameratar på landslaget

Kim Andre Blikås

PÅ JUNIORLANDSLAGET: Kim Andre Blikås.

Foto: Norges Styrkeløftforbund

I tillegg til Mo på seniorlandslaget i benkpress, er Kim Andre Blikås (Førde) utteken på juniorlandslaget. Same Blikås er også teken ut på juniorlandslaget i styrkeløft. Der finn ein også lagkameraten Lars Andreas Bruland.

Både Blikås og Bruland imponerte tidlegare i år med fjerdeplass under junior-EM.

- Eg såg det på nettet i dag tidleg. Dette betyr veldig mykje for meg og er ufatteleg stort, jublar 19-åringen.

- Utruleg viktig

Lars Andreas Bruland

PÅ JUNIORLANDSLAGET: Lars Andreas Bruland.

Foto: Privatfoto

Det er første gong Bruland er teken ut på landslaget. I junior-EM vart det rekord i alle øvingane; knebøy, benkpress og markløft.

- For motivasjonen og den vidare satsinga er dette utruleg viktig. På landslaget får du mykje betre oppfølging, mellom anna samlingar framfor store meisterskap og treningssamlingar, seier han.

Tidlegare enn venta

19-åringen frå Førde har denne sesongen hatt landslaget som mål, men uttaket kom noko tidlegare enn venta.

- Eg venta å vere med i desember-uttaket, seier han og meiner prestasjonane i junior-EM vart tunga på vektskåla. Sunnfjordingen er teken ut som reserve til junior-VM seinare i år, men ventar ikkje å få konkurrere då.

- Det neste no blir NM i november. No skal eg roe litt ned før eg startar oppkøyringa til meisterskapen, seier Bruland.