DAB-satsing gir jobb i fleng for gründerselskap

Teknologiselskapet Paneda i Selje i Nordfjord skal levere system for DAB-kringkasting til elleve tunnelar i Nordland.

Hanekleiv-tunnelen

MYKJE ARBEID: Paneda leverer no kommunikasjon til 110 tunnelar i landet.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Selskapet vann anbodskonkurransen frå Statens Vegvesen, som utbetrar kommunikasjon i tunnelar i heile landet.

– Vi er veldig nøgde, seier dagleg leiar i Paneda, Geir Gjørsvik.

Hendene fulle

Paneda kommunikasjon i tunnel

TEKNOLOGI: Det Selje-baserte selskapet lager kommunikasjonssystem til tunnelar.

Foto: Paneda

Den nye kontrakta omfattar 11 tunnelar i Statens Vegvesen sin region nord, men Paneda har nyleg vunne tilsvarande kontrakt i region sør og får no hendene fulle med å levere i tide.

– Det skal leverast innan første desember i år. Det er knapp tid, men vi er overtydde om at vi skal få det til innan fristen, seier Gjørsvik.

Kontrakta for region sør omfattar heile 49 tunnelar, frå Oslo-området og sørover. Kringkastingssystemet dei installerer skal gjere det mogeleg å sende naudmeldingar via DAB-nettet.

Godt for selskapet

Tidlegare har Selje-selskapet levert tenester i tunnelar i Oslo, Akershus og Østfold, og er no ansvarlege for 110 av dei 500 tunnelane som skal utbetrast med kringkastingssystem for DAB i landet.

All denne aktiviteten er godt nytt for teknologiselskapet.

– Det er veldig viktig, det gjer at vi har dobla omsetnaden tre gongar dei siste fire åra, seier Gjørsvik.