NRK Meny

DAB-radio trugar tunneltryggleiken

Overgangen til DAB-radio kan utgjere eit trugsmål mot beredskapen, spesielt i tunnelar, meiner fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand. Vi har sett fleire døme på kor viktig det er å nå inn til bilførarar med informasjon i samband med tunnelbrann, seier Stensvand til Sogn Avis. Han minner om fleire nesten-katastrofar i Sogn og Fjordane. Med unntak av Frp sa alle partia på Stortinget ja til at FM-nettet skal stengast ned neste år.