Hopp til innhold

DAB-nettet nede i Førde

Ein feil gjer at sendaren på Hafstadfjellet i Førde er ute. 18 000 husstandar ligg innanfor området som er råka.

Hafstadfjellet

FEIL: I Førde og nedslagsfeltet for Hafstadsendaren slit folk med å få inn radio på DAB i dag.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Vi veit ikkje kva som er feil, men ein person er på veg for å undersøkje og rette, seier Jens Gjersø i Norkring.

Det er sendaren på Hafstadfjellet som er ute av drift, og kring 18 000 husstandar ligg innanfor signalfeltet der. Det er både riks- og regionnettet for DAB som er nede.

– Eg er optimistisk, og sjølv om vi ikkje veit kor lang tid det tek å rette feilen, så håpar eg det er gjort til klokka 9, seier Gjersø.

FM-nettet skal fungere som normalt, men ein kan oppleve at det er signala frå NRK Hordaland slår inn på grunn av problema i nettet.