Hopp til innhold

Då veslebroren vart kreftsjuk vakna engasjementet

Eva Michelsen Ekroll (30) var berre tolv år då veslebroren fekk diagnosen lymfekreft. Sidan har ho hatt eit brennande engasjement for kreftsaka.

Eva Michelsen Ekroll

ENGASJERT: Eva Michelsen Ekroll har sjølv fått merke korleis livet blir endra når nokon i nær familie blir kreftsjuk. No frontar ho Rosa Sløyfe-aksjonen som starta i dag.

Foto: Ingvild Vaale Arnesen / NRK

Når heile Norge blir farga rosa denne månaden, er det med ei engasjert Førde-jente ved roret.

Rosa Sløyfe-aksjonen varer heile oktober og blir markert over heile landet. Målet er å spreie informasjon og samle inn pengar til forsking på brystkreft.

– Eg håper alle vil merke at det er ein rosa månad vi går inn i, seier Ekroll.

Brystkreft er den sjukdomen som råkar flest kvinner

Bror hennar fekk kreft då han berre var ni år. I dag er han 27 år og frisk. Men engasjementet for kreftsaka vart vekt allereie då, fortel Ekroll.

– Det var tøft dei første åra han var under behandling. Men eg såg kor viktig det var å få støtte frå både lokalsamfunnet og helsevesenet. Eg sette veldig pris på hjelpa vi fekk og bestemte meg for å gje noko tilbake viss eg fekk sjansen, seier Ekroll

I dag er ho konstituert dagleg leiar i Brystkreftforeininga og ein av dei som frontar den nasjonale aksjonen. Brystkreft er den sjukdomen som rammar flest kvinner i vesten. Kvar tolvte kvinne vil få denne diagnosen i løpet av livet. I Norge er det snakk om 3000 kvinner kvart år.

– Viss du då plussar på familie og vener, så er det svært mange som blir rørt ved av brystkreft. Difor ønskjer vi å ha denne aksjonen for å informere om den sjukdomen som rammar flest kvinner, seier Ekroll.

Håper å tenne folket

1 av 4 som får diagnosen dør av det og sjukdomen råkar ofte tilfeldig. Samstundes er det visse grep ein kan gjere for å minske sjansane for å bli ramma.

– Ein sunn og god livsstil er det viktigaste ein kan gjere sjølv. Samstundes er det viktig å få det sjekka viss ein oppdagar noko uregelmessig i brysta sine og at ein takkar ja til mammografi i alderen 50 til 69 år, seier Ekroll.

Det er det folkelege engasjementet ho håpar å tenne med aksjonen. Men ein kjem ikkje unna at pengane som blir samla inn er svært viktige for å betre behandlingsmetodane og kunnskapen om sjukdomen.

– I 2014 fekk vi inn 23,7 millionar på 31 dagar, eg håpar vi kan nærme oss det beløpet i år òg, seier Ekroll.